Ver førebudd når krisa kjem - beredskap i heimen

Eigenberedskap for deg og familien din.

I ein krisesituasjon kan det ta tid før offentlege tenester kan hjelpe alle som treng det. Difor er det viktig at kvar enkelt husstand er førebudd på å klare seg sjølv i minst ei veke.

Kriser kan oppstå som følgje av ekstremvêr, langvarige straumbrot, bortfall av vatn, svikt i elektronisk kommunikasjon eller andre hendingar som påverkar kvardagen vår.

Tenk gjennom dette:

  • Korleis får de varme dersom straumen blir borte?
  • Har de nok drikkevatn til alle i husstanden?
  • Har de mat som ikkje treng kjøling eller tilbereding?
  • Har de batteri, lommelykter og alternative lyskjelder?
  • Korleis kan de halde kontakt med familie, naboar og andre dersom mobil- og internettdekninga sviktar?
  • Har de nødvendige medisinar og utstyr lett tilgjengeleg?
  • Kven kan trenge ekstra hjelp i nærmiljøet dersom ei krise oppstår?

Det bør de ha heime

  • Reint drikkevatn
  • Mat som toler lagring
  • Primus, grill eller annan alternativ moglegheit for matlaging
  • Lommelykt og ekstra batteri
  • Batteri- eller sveiveradio
  • Førstehjelpsutstyr
  • Nødvendige medisinar
  • Varme klede, pledd og soveposar
  • Kontantar i mindre valørar
  • Liste med viktige telefonnummer

Ta vare på kvarandre

God eigenberedskap handlar ikkje berre om utstyr. Det handlar også om å kjenne naboane sine og hjelpe kvarandre når det trengst. Eit godt lokalsamfunn står sterkare i møte med utfordringar.

Ver trygg. Ver førebudd.

Ved å planleggje litt på førehand kan du og familien din handtere uventa hendingar betre og bidra til at naudetatane kan prioritere dei som treng hjelp mest.

Saman byggjer vi eit tryggare og meir robust Øygarden.

Informasjonspunkt

Dersom mobil- og datanettet er ute av drift over lengre tid, kan innbyggjarane få informasjon ved:

  • Innbyggartorg og bibliotek:
    • Sund Senter, Skogsskiftet
    • Thon Senter Sartor, Straume
    • Rong Senter
  • Tranevågen ungdomsskule, Ågotnes

Nyttige lenkjer

Kontakt oss


Geir Knarvik Fjeldstad
Beredskapssjef
Mobil: 995 32 447

Stein-Inge Stigen
Kommuneoverlege

Bjørg Møllerløkken
Smittevernlege

Andre
110 - Brann
112 - Politi
113 - Ambulanse
116 117 - Legevakt