Framtidige arbeidsplassar tek form – prosjektgruppa er i gang
Prosjektgruppa er no godt i gang med prosjektet for areal og lokalisering av tenester. Arbeidet skal gi eit framtidsretta kontormiljø, betre arealbruk og ei trygg og føreseieleg flytting for dei tilsette. Ingen avgjerder er tekne enno, men mykje kartlegging er allereie gjort.

Kva har vi gjort så langt?
For å ha eit godt grunnlag, har prosjektgruppa gjennomført fleire kartleggingar og samla inn fakta:
- Oversikt over leigeavtalar: Vi har samla informasjon om alle leigeavtalane våre og når dei går ut
- Arealgjennomgang: Prosjektet har vurdert korleis vi kan bruka areala betre og meir effektivt.
- Oversikt over bygg: Vi har laga ei samla oversikt over kommunale og leigde bygg som kan nyttast til kontor
- Kjøp av Solsio-bygget: Kommunen har kjøpt Solsio-bygget, og dette er ein del av vurderingane for framtidig lokalisering
- Skjema i Forms: Kommunalsjefar, einingsleiarar og avdelingsleiarar på rådhuset har svart på eit omfattande kartleggingsskjema
- Tellingar og bruksmønster: Vi har kartlagt korleis dei tilsette brukar rådhuset i dag
Tre underprosjekt
Her finn du informasjon om underprosjektet Kontorstruktur.
- Prosjektleiar: Josep Gayrbekov
- Prosjektressursar: Koplast på ved behov
- Ansvar: Kartlegging av behov, oversikt over areal, plan for lokalisering / flyttekabal
- Tidslinje: 2026 – våren 2027
Her finn du informasjon om underprosjektet Solsio-bygget.
- Prosjektleiar: Christian Alsaker
- Prosjektressursar: Koplast på ved behov
- Ansvar: Oppfølging av byggeprosjekt, innreiing, anskaffing av ekstra utstyr, fargeval og møbelval
- Tidslinje: 2026 - klart for innflytting våren 2027
Om Solsio
Bygget har tre etasjar (U-etasje, 1. etasje og 2. etasje) og eit samla bruttoareal på om lag 1690 m².
Planløysinga legg opp til ein kombinasjon av kontorlandskap, cellekontor og møte- og samhandlingssoner som gir fleksibilitet for både konsentrasjonsarbeid og samarbeid. Personal- og velferdsfasilitetar er integrerte i bygget, og arbeidsmiljøfaktorar som lys, støy og ergonomi er vurderte i samarbeid med bedriftshelsetenesta.
Her finn du informasjon om underprosjektet Flytting.
- Prosjektleiar: Ivan Nakken
- Prosjektressursar: Koplast på ved behov
- Ansvar: Planlegging og praktisk gjennomføring av flytteprosessen, vurdering av ombruk / gjenbruk
- Tidslinje: 2026 - våren 2027
Vidare arbeid
Vi har allereie ein framdriftsplan som viser kva som skjer dei neste månadene. No går vi inn i ein ny fase der vi skal starta drøftingar om plassering av einingar og tilsette. Målet er å få ein god oversikt før vi legg fram sak til styringsgruppa.
Ingen avgjerder er tekne
Det er viktig for prosjektgruppa å understreka at ingen avgjerder er tekne. Arbeidet som er gjort til no, er grunnlag for vidare vurderingar og dialog med både leiarar og tilsette.
Vi held fram
Prosjektgruppa vil halda fram med å informera jamleg utover våren. Målet vårt er at alle tilsette skal vita kva som skjer, kva grunnlag vi byggjer på, og korleis prosessen vil gå føre seg fram mot flyttinga i 2027.
Her kan du lesa meir om prosjektet for Areal og lokalisering av tenester
Sist endra 13.03.2026 10.45