
Det er utarbeidd ein tentativ flytteplan som viser planlagt rekkefølgje og tidspunkt. Planen ligg nedst i denne orienteringa og vil vera utgangspunktet for den vidare gjennomføringa. Det kan bli behov for justeringar undervegs dersom det oppstår uventa forhold.
Vidare prosess og medverknad
Vi er klar over at flyttinga engasjerer mange og kan skapa spørsmål om framtidig arbeidskvardag. Målet er å gjennomføra prosessen på ein føreseieleg måte med god informasjon og involvering undervegs.
Flyttinga blir gjennomført stegvis. Når vi nærmar oss flytting av den enkelte eining, vil prosjektet ta kontakt med aktuell leiar.
Det vil bli eigne fysiske møte for leiarane på kvart enkelt bygg. Alle leiarar vil bli involvert når deira del av flytteprosessen nærmar seg. På Skogsvåg og Rong vil også leiarane for dei einingane som allereie held til der, bli invitert inn i prosessen. Dette er viktig då flyttinga kan medføra endringar også for dei som er der frå før.
Leiar vil då bli involvert i planlegginga og få høve til å medverka i praktiske forhold og andre spørsmål som må avklarast før flytting. Innspela som tidlegare er sende inn gjennom spørjeskjema, vil også bli tekne med vidare i arbeidet.
Det vil vera ulike behov for dei ulike lokasjonane. Til dømes vil prosessen for dei som skal inn i nytt bygg på Solsio særleg dreia seg om kartlegging av behov og rammer for bruk av arbeidslokale.
For å sikra ei koordinert gjennomføring vil prosjektet ta initiativ til nødvendige avklaringar i takt med framdrifta i flytteplanen. Dersom det er særlege forhold som det er viktig å få avklart tidlegare, ber vi om at desse blir melde inn til prosjektet.
Vi er i gang med involveringsprosess på fleire bygg. Vi planlegg vidare å starta opp involveringsprosess for leiarane på Solsio i september og Rong og Skogsvåg i oktober.
Prosjektet har fått fleire spørsmål knytt til parkering ved dei ulike bygga. Vi arbeider no med å utarbeida ei oversikt over parkeringsmoglegheiter, kapasitet ved bygga og kostnader knytt til parkering på Solsio. Vi vil dela meir informasjon om dette så snart oversikta er klar.
Leiar sitt ansvar
Leiar har ansvar for prosessen i eiga eining og for å sikra nødvendig informasjon og medverknad frå eigne tilsette.
Flyttinga kan føra til endringar i arbeidsmiljø, organisering, arbeidsmåtar eller oppgåveløysing. Leiar må vurdera kva konsekvensar dette får for eiga eining og følgja opp nødvendige tiltak.
ROS og medverknad. Det er gjennomført ein overordna ROS for arealeffektiviseringsprosjektet. Når flyttinga no skal gjennomførast, har den enkelte leiar ansvar for å vurdera behovet for ROS knytt til endringar i eiga eining, og sikra nødvendig medverknad frå tilsette og verneombod. Ved behov kan prosjektet bidra med prosesstøtte.
Tentativ flytteplan
Flytteplanen er tentativ. Endringar i tidspunkt og rekkefølgje kan bli nødvendige undervegs.