Kartlegging: bruk av lokale - første steg
- Kor mange tilsette har sin faste plass på staden ( kontorplassar)
- Tal på tilsette på kvar eining.
- Bruk av heimekontor/kor mange dagar i veka er det vanleg med bruk av heimekontor
- Kva type arbeid har hovudvekt, arbeid ved pult eller mykje på oppdrag/møter?
- Kven samhandlar de med?-andre einingar/avdelingar internt i kommunen
- Kva andre einingar er det viktigast/nyttig å sitta saman med?
- Bruk av møterom/møteaktivitet-interne/eksterne møte
- Publikumsbesøk, kor ofte og kva type kontakt
- Digital samhandling
- Kor mykje av samhandlinga med andre skjer digitalt i dag, og fungerer det godt?
- Er det potensiale for å auka digital samhandling?
- Behov for spesialrom eller andre fasilitetar som vi bør kjenna til (til dømes lydtette rom)
- Krev arbeidet høg grad av konfidensialitetsom gjer utfordringar i opent kontorlandskap?
- Er det viktig for å utføre arbeidsoppgåvene at tenesta/eininga er lokalisert på Straume?
Bruksmønster
Kartlegging av bruksmønster viser at dagens arealbruk i liten grad er tilpassa faktisk nærvær. Tiltaket byggjer difor på eit prinsipp om at ein ikkje skal redusere tenestene eller i vesentleg grad endre korleis dei vert utførte, men heller tilpasse areala til faktisk bruk.
Erfaringar frå mellom anna Askøy, Bergen, Vestland fylkeskommune og Direktoratet for høgare utdanning viser at ein kan operere med lågare dekningsgrad enn det som tradisjonelt har vore lagt til grunn. Dette gir eit godt erfaringsgrunnlag for dei vurderingane som er gjort i prosjektet.
Bruksmønster rådhuset basert på telling
Nøkkeltal
Tal frå rådhuset viser at gjennomsnittleg nærvær ligg på 40-50%. Tal frå Askøy kommune, Bergen kommune, Vestland fylkeskommune, HK-Dir og LINDBAK bekrefter talet på tilstadevering ligg om lag på 40%.
Moglegheitsrommet er stort. Ein kunne fordelt samtlege 450 årsverk på kommunens eigde bygg. Men kor mykje som faktisk kan frigjerast, avheng av korleis ein vektlegg økonomi opp mot omsyn som samlokalisering av einingar, arbeidsmiljø og trivsel. I tillegg er handlingsrommet avgrensa gjennom prinsipp for bruk av dei ulike kommunale bygga og gjennom einingane sine behov for å kunne levere tenester på ein forsvarleg måte.