Endeleg plassering av tenester er avklart

Styringsgruppa har no behandla saka om areal og lokalisering av tenester. Plasseringa av einingar og funksjonar er dermed avklart, og prosjektet går vidare til gjennomføring.

Nytt administrasjonsbygg på Solsio - Klikk for stort bilete

Avgjerda byggjer på eit breitt grunnlag og ein omfattande medverknad frå organisasjonen. Den endelege plasseringa ligg i hovudsak innanfor rammene som vi har presentert tidlegare.  (PDF, 254 kB)

Brei medverknad frå tilsette og leiarar

I medverknadsprosessen har tilsette og leiarar gitt over 100 innspel. Desse har vore viktige for å vurdera løysingane og gjera naudsynte justeringar.

Innspela har særleg peika på behov for:

  • gode løysingar for samhandling og samarbeid
  • tilgang på møterom og skjerma rom
  • arbeidsro, personvern og gode arbeidsmiljø

Tillitsvalde og verneombod har vore tett involverte i prosessen.

Tiltak i verktøykassa

På bakgrunn av innspela som er komne inn, blir følgjande tiltak vurderte som aktuelle for vidare arbeid:​

  • utarbeida mal for ROS-analyse​
  • felles rutine og køyrereglar for ope landskap​
  • opplæring knytt til personvern og informasjonstryggleik​
  • lokale vurderingar og støydempande tiltak​
  • etablera drop-soner på Solsio, og opne arbeidsområde med free seating-arbeidsplassar, ​
    til dømes på Rong​
  • etablera felles standard for teknisk utstyr, skjermløysingar og arbeidsstasjonar​

​Einingar/avdelingar​

  • For berørte einingar og avdelingar kan det vera aktuelt å gjennomføra lokale ROS-analysar med fokus på samhandling, partssamarbeid, arbeidsmiljø og tenestekvalitet.​

Viktige tema i gjennomføringa

Når prosjektet no går vidare til gjennomføring, vil vi leggja særleg vekt på:

  • samhandling mellom lokasjonar
  • kapasitet på møterom og arbeidsplassar
  • gode løysingar for arbeidsro og skjerming
  • reise, transport og praktisk logistikk
  • tiltak for å rekruttera og halda på tilsette

Der det er behov, vil vi gjera lokale vurderingar og tilpassingar.

No startar gjennomføringsfasen

Prosjektet går no inn i ein ny fase der løysingane skal konkretiserast og gjennomførast.

Dette inneber mellom anna:

  • detaljering av rom- og arbeidsplassløysingar
  • tekniske tilpassingar i bygg
  • planlegging og gjennomføring av flytting

Det vil vera tett dialog med leiarar i denne fasen, og tilsette vil bli involverte der det er naturleg og relevant.

Kontaktinformasjon

Ta kontakt med kommunalsjefen din eller leiar dersom du har spørsmål.

Presentasjon

Her finn du presentasjon frå informasjonsmøte med leiarar 1. juni. (PDF, 637 kB)