Øygarden pluss skal hjelpa oss å gi gode tenester – også i framtida. Vi vert fleire eldre, færre i arbeidsfør alder og får strammare kommuneøkonomi. For å møta dette må vi jobba smartare og finna nye løysingar. I Øygarden pluss samlar vi dei viktigaste utviklingsprosjekta i kommunen. Slik får vi felles retning, god framdrift og eit betre grunnlag for å ta kloke val for framtida.
Kvifor treng vi omstillingsprogrammet Øygarden pluss?
Øygarden er ein kommune i vekst og endring. I åra som kjem, får vi fleire eldre, fleire unge med store behov og færre hender til å gjera arbeidet. Samtidig vert økonomien strammare. Vi må leggja til rette for store investeringar i helse- og omsorgsbygg, skular og anna infrastruktur fordi folkesetnaden endrar seg. Dette krev at vi skapar økonomisk handlingsrom – ikkje gjennom tilfeldige kutt, men gjennom målretta utvikling og betre bruk av ressursane våre.
Øygarden pluss er eit samla omstillingsprogram der vi møter desse utfordringane samla sett. Programmet erstattar mange enkeltprosjekt og gir ei felles retning for korleis vi skal jobba, prioritera og modernisera kommunen framover. Programmet samlar ressursar, kompetanse og endringsarbeid i éi koordinert satsing, slik at vi får meir kraft og betre samanheng i utviklingsarbeidet vårt. Målet er klarare prioriteringar, betre kvalitet i tenestene og meir berekraftig og effektiv drift i heile organisasjonen.
Dette jobbar vi med no
Prosjekta under er prioriterte som del av Øygarden pluss. Dei bidreg til betre tenester, meir berekraftige løysingar og eit sterkare grunnlag for framtida.
Sist endra 25.03.2026 12.34