TØRN på sjukeheim og Lokalmedisinsk senter
TØRN er eit nasjonalt prosjekt som skal hjelpa kommunar med å planleggja og gjennomføra arbeidet i helse- og omsorgstenestene på ein smartare måte.
Målet er at kommunane skal ha nok fagfolk og god kvalitet i tenestene. Prosjektet skal sikra at vi brukar kompetansen til dei tilsette rett og legg til rette for gode og samanhengande arbeidstidsordningar. Øygarden kommune har tre ulike eningar som deltek i dette nasjonale prosjektet: Fjell sjukeheim, Sundheimen og Øygarden lokalmedisinske senter.
Sist endra 09.04.2026 14.36