Grafisk profil

Dette er vår profilmanual

Den moderne strilen står sentralt i den visuelle identiteten til Øygarden. Intensjonsavtalen mellom dei tre samanslåtte kommunane har gjeve tydelege føringar for arbeidet: Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Her er også visjonen skildra: Øygarden – eit fyrtårn i vest.

Gjennom innsiktsarbeid og arbeidsverkstad der folk frå ulike samfunnsgrupper har delteke, har vi definert merkepersonlegdomen som tydeleg, framtidsretta, jovial og nøysam. Personligdomen byggjer på vår felles kyst- og strilekultur og kjem til syne gjennom både logo, visuelle og tekstlege profilelement og biletstil.

I denne profilmanualen har vi skildra den visuelle identiteten til Øygarden og korleis vi kan sikra at kommunen står fram som ein tydeleg og profesjonell avsendar uansett om vi kommuniserer gjennom tekst eller bilete, på nett eller papir.

Den grafiske profilen til Øygarden kommune er utarbeidd av AG&.

Som ei rettesnor har vi utarbeidd ei kortfatta kommunikasjonsplattform:
Øygarden kommune er tydeleg, vennleg, rett på sak og snakkar eit språk folk forstår. Vi brukar stolt dialekten vår, er joviale og har glimt i auga.