Kvifor behandlar kommunen personopplysingar om deg?
Innsamling og behandling av personopplysingar er nødvenig for at Øygarden kommunen kan tilby og utføra dei tenestene dei skal i kommunen.
Formålet for behandling av personopplysningane avheng av kva teneste Øygarden kommune leverer til deg. Det kan til dømes vera opplysningar om namn, adresse og anna nødvendig informasjon kommunen treng for å behandla ulike søknadar frå deg.
Informasjon om tenestene til kommunen finn du her.
Kva er det rettslege grunnlaget?
Dei fleste tenestene Øygarden kommune leverer er lovpålagte oppgåver. For å utføra oppgåvene, er det naudsynt å behandla personopplysningane dine.
Til dømes pålegg barnehagelova kommunen å tilby barnehageplassar. Øygarden kommune må difor behandla personopplysningane som er nødvendige for å tilby deg barnehageplass.
I tilfelle der kommune leverer tenester som ikkje er lovpålagte, vert opplysningane bahandla på bakgrunn av samtykke eller avtale.
Les meir i Personopplysningsla.
Publisert 30.12.2019 13.33
Sist endra 07.06.2024 09.29