Korleis vert dine personopplysningar behandla av kommunen?

Personvernlovgjevinga stiller strenge krav til behandling av personopplysningar. Øygarden kommune har saman med personvernombodet eit stort fokus på at behandling av dine opplysningar skal vera trygg og i samsvar med gjeldande rett.

Personvernlovgjevinga set nokre grunnleggande prinsipp for personopplysningsvern, personvernprinsippa:

  • Behandlinga skal vere lovleg, rettferdig og gjennomsiktig
  • Personopplysningane skal berre behandlast for spesifikke, utrykkelege, oppgjevne og legitime formål.
  • Mengda innsamla personopplysningar skal avgrensast til kva som er nødvendig for å realisera formålet.
  • Personopplysningane skal vera korrekte og skal om nødvendig oppdaterast.
  • Personopplysningar skal slettast eller anonymiserast når dei ikkje lenger er nødvendige for formålet dei er innhenta for.
  • Personopplysningane skal behandlast slik at integritet, konfidensialitet og tilgjengelegheit til opplysningane vert verna.
  • Ansvarlegheit for å følgja regelverk om personvern og kunna dokumentera at tiltak er gjennomført med det mål og etterleva regelverket.

Kva personopplysningar vert behandla?

Kva personopplysningar kommunen behandlar kjem an på kva tenester du er omfatta av. Dersom du til dømes nytter deg av helsetenester, behandlar kommunen dei opplysningar som er naudsynt for dette.

Behandling av personopplysningar skal knytast til eit spesifikt formål. Personvernlovgjevinga stiller krav til at all behandling av personopplysningar skal ha eit behandlingsgrunnlag. Dette vil seia at behandlinga må ha eit rettsleg grunnlag. Aktuelle behandlingsgrunnlag kan vera at du sjølv har gjeve samtykke til behandlinga, at behandling er nødvendig for å oppfylla ein avtale, rettsleg plikt, verna vitale interesser, utføre ei oppgåve i offentleg interesse eller utøva offentleg  mynde, eller for å ivareta legitime interesser.

 Kvar hentar kommunen opplysningane frå?

Kommunen hentar opplysningar direkte frå dykk, frå offentlege register og i nokre tilfelle frå ein tredjepart. Kommunen hentar til dømes opplysningar frå folkeregisteret (Skatteetaten), Kontaktregisteret (Difi) mv. I tilfelle der opplysningane ikkje vert henta frå deg, skal dette gjerast med dykkar samtykke, eller med grunnlag i lov eller forskrift.

Korleis vert opplysningane dine sikra?

Øygarden kommune har høg fokus på personvern og informasjonstryggleik. Personopplysningane dykkar vert sikra gjennom mellom anna tilgangsstyring, kryptering, tryggleikskopiering og sporing. I tillegg vert det utført interne revisjonar, revisjoner av leverandørar og risiko- og sårbarheitsanalysar.

Vert opplysningane utleverte til andre?

Personopplysningar vert utlevert til tredjepart dersom kommunen har ei rettsleg plikt til dette.

Opplysningane vil også verta delte med systemleverandører. I disse tilfella skal det inngåast ein databehandlaravtale mellom kommunen og leverandøren for å sikra at personopplysningane vert behandla i samsvar med personvernlovgjevinga.

Kven er behandlingsansvarleg?

I Personvernlovgjevinga vert det skilt mellom behandlingsansvarlig, databehandlar og registrerte. Databehandlar er typiske leverandører av system, medan registrerte er den personen som det vert behandla opplysingar om.

Behandlingsansvarleg er den som avgjer formålet med behandling av personopplysninger. Behandlingsansvarleg er også ansvarleg for at opplysingane vert behandla i henhold til regelverk.

I Øygarden kommune ligg behandlingsansvaret til øvste leiinga ved kommunedirektør.

Korleis vert opplysningane sletta og arkivert?

Etter personopplysningslova skal kommunen sletta alle personopplysningar der det ikkje lenger er behov for opplysningane og det ikkje ligg føre plikt til å lagra opplysningane.

Døme på lovpålagt plikt til lagring av opplysningar er krav til arkivering etter arkivlovgjevinga og lagring av inntekts- og formuesopplysningar etter skatte- og avgiftslovgjevinga.

Mi side

På Mi side kan du finna tenester og informasjon som gjeld deg sjølv. Her kan du også finna brev du har fått frå kommunen og skjema mv. som du har sendt til kommunen.

På Mi side kan du også svara på førespurnader frå kommunen, ettersenda informasjon og halda fram med å redigera dine skjema. Mi side hentar informasjon om deg på dei områda du etterspør, og viser informasjonen berre til deg.

Gå til din profil på Mi side

Elektronisk dialog med Øygarden kommune

Øygarden kommune kan senda brev til di private e-postadresse, eller til di digitale postkasse. I spesielle høve kor det er nødvendig å varsla innbyggjarar om viktige saker, vil vi senda deg SMS. Døme på dette er ved forbod om bål og grilling, hagevatning mv.

Silje Nilsen
Personvernombud
E-post
Mobil 48 86 29 45