Kommunen som arbeidsgjevar

Løn og pensjon

Tilsette i Øygarden kommune er omfatta av hovudtariffavtalen (HTA). HTA og tingingsutvalet viser lønnsplassering.

Øygarden kommune sine tilsette er medlemmer av tre pensjonskasser. Desse er KLP, Statens pensjonskasse (lærarar) og Kommunal landspensjonskasse (sjukepleiarar).

Øygarden kommune har personforsikringar i AON.

Fleksitid

Som tilsett i Øygarden kommune har du høve til å tiltre fleksitidsordning der forholda kan leggjast til rette for dette. Med fleksibel arbeidstid kan du sjølv styra arbeidstida innanfor gitte rammer.

Inkluderande Arbeidsliv (IA)

Øygarden kommune er ein IA-verksemd. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for personar med redusert funksjonsevne.

Hovudmålet for IA-avtalen er å førebyggja og redusera sjukefråværet, styrkja jobbnærværet og betra arbeidsmiljøpet og å hindra utstøyting og fråfall frå arbeidslivet.

I det ligg det at vi i vår personalbehandling skal ha som overordna målsetting å unngå utstøyting frå arbeidslivet grunna helse og alder, både på kort og lang sikt.

IA-arbeidet vårt er ein del av det systematiske Helse- miljø- og tryggleiksarbeidet (HMT) i kommunen.

Bedrifthelseteneste

Øygarden kommune har avtale med Avonova Norge om bedriftshelseteneste.

Avonova Norge sine tenester sikrar alle tilsette i kommunen ei tilgjengeleg, serviceorientert, nær og aktiv bedriftshelseteneste som medverkar til friskare, tryggare og meir motiverte medarbeidarar.