Arkivfoto. Yngvild Skaar er leiar i råd for personar med funksjonsnedsetjing. Både møtet i RFF og ungdomsådet vart gjennomførte på Teams.Saka vert til sist behandla i kommunestyret torsdag 27. mars.
RFF peikar på at fleire av dei føreslåtte tiltaka rammar dei svakaste i kommunen hardt. Å kutta i førebyggjande tiltak meiner rådet at vil vera å spara seg til fant for Øygarden kommune. RFF meiner det også er nødvendig for kommunen å sjå på moglege måtar å auka inntektene på.
- Om alle steinar skal snuast, så må ein sjå på alle moglegheitene, heiter det i uttalen frå rådet.
RFF ber om at følgjande tiltak vert skjerma (ikkje prioritert rekkjefølgje):
- Spesialpedagogane i barnehagar som arbeider «på grønt nivå», det vil seia retta mot barn med behov for ekstra støtte som ikkje har vedtak på spesialpedagogiske timar, er eit døme på korleis ein effektivt kan arbeida førebyggjande for å unngå behov for vedtak seinare. Det vil kosta kommunen meir i andre enden om desse barna må tilvisast PPR (pedagogisk psykologisk ressurssenter) for sakkunnig vurdering av behovet.
- Friskliv og meistring bør på same måte som heile fysio- og ergoterapitenesta skjermast for innsparingar. RFF har i fleire år arbeidd trutt for å auka kapasiteten i tenesta. Det er ei viktig teneste som fungerer betre i kvardagen og aukar moglegheita til arbeidsdeltaking for den einskilde.
- Førebyggjande arbeid/koordinator og aksjonssenteret. Dette er også døme på ein effektivisering av dei lovpålagte tenestene i kommunen som vil kosta meir i andre enden om ein fjernar tiltaka.
- BPA og avlastning er viktige tiltak for at dei som har behov for tenesta skal kunna halda seg i arbeid og anna deltaking i samfunnet.
- Alternative læringsarena, reduksjon her vil sannsynlegvis føra til auka kostnad. Kommunen er uansett lovpålagt til å gje eit tilbod til dei same elevane og tilbodet vil sannsynlegvis verta dyrare innanfor rammene til den ordinære skulekvardagen.
- Psykiatrisk dagsenter, MO-senteret, dagsenteret og transport til dagsenteret bør skjermast for innsparing då det er eit tiltak som gjev betre fysisk og psykisk helse for dei som deltek her.
- Terapibassenget må haldast ope. Frå forrige runde med innsparingar erfarte vi at fleire innbyggjarar ikkje har helse til å reisa til terapibassenget på Straume.
RFF meiner også at effektivisering av politisk styring er eit døme på område ein bør sjå på innsparingar for.
Ungdomsrådet vil skjerma viktige tilbod
Ungdomsrådet hadde ekstramøte der kortsiktige innsparingar på 2025-budsjettet stod på dagsorden.
Ungdomsrådet er oppteken av å skjerma viktige tilbod for barn og unge og prioritera å vidareføra følgjande tre tiltak:
- MOT-programmet
- Aktivitetskort
- Praktisk og variert undervisning i skulen
Arkivfoto. UngdomsrådetI tillegg ønskjer ungdomsrådet å peika på følgjande tiltak som viktige for ungdommen og vil om mogeleg også skjerma desse:
- Sommarjobbtilbodet for ungdom
- Førebyggjande arbeid
- MO-senteret
- Friskliv og meistring
- Psykatrisk dagsenter - Alternative læringsarenaer
Saksutgreiinga til møta finn du under møteplan på nettsida til Øygarden kommune.
Tekst og foto: Vigleik Brekke