Frå møtet 3. desemberI tillegg ber ungdomsrådet om at det vert gjeve tilbod om måltid til ungdomsskuleelevane og at idrettsanlegg vert prioritert i investeringsbudsjettet.
Budsjettet vert til sist vedteke av kommunestyret den 19. desember.
Vil etablera møteplass
Ungdomsrådet tilrår å slutta seg til innstillinga frå kommunedirektøren om at Øygarden kommune vert ein «friluftslivets år 2025-kommune», og vil støtta opp om Friluftslivets år gjennom mellom anna å etablera og driva ein møteplass mellom kommunen, friluftslivsorganisasjonar og andre som arbeider for friluftslivet.
Kommunen vil bruka møteplassen til å skapa betre samhandling og koordinering med dei ulike aktørane, for på den måten å bidra til å nå måla for Friluftslivets år 2025, som er at folk skal; oppdaga nærnaturen sin, invitera kvarandre ut og prøve nye friluftslivsaktivitetar. Det er eit mål for kommunen at møteplassen blir vidareført etter Friluftslivets år.
Saka vert endeleg avgjort av kommunestyret.
Prioriterte søknader om tilskot
Øygarden kommune deltar i Bufdir (Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet) si tilskotsordninga «Tilskot til inkludering av barn og unge 2025». Innan søknadsfristen var det kome inn 13 søknadar frå lag og organisasjonar. På møtet vart det fremja alternative forslag til innstillinga frå kommunedirektøren. Eit fleirtal slutta seg til eit forslag frå Eivind Økland med slik prioritering:
1. Sonbola
2. Speider
3. ADH’D
4. Way Forward
5. Basecamp Ferieaktiviteter
6. Operation Archery
7. Basecamp open hus
8. Øygarden KFUK-KFUM
9. Den sotra arabiske fritidsaktiviteter
10. Den sotra arabiske leksehjelp
11. Den sotra arabiske matlagingskurs
12. Sotra Sportsklubb
13. Spillhuset
Uttalen frå ungdomsrådet vert vektlagt når Bufdir gjer sine endelege vedtak.
Lokale forskrifter om skulereglar, skuledemokrati og hovudmål for skulane
Ungdomsrådet sluttar seg til innstillinga frå kommunedirektøren om å leggja tre forskrifter ut på offentleg høyring.
Bakgrunnen for saka er at opplæringslova krev at det som før var lokale ordensreglar no skal fastsetjast i forskrifter. Dermed vert tre forskrifter lagt ut på høyring. Det er:
- Forskrift om skulereglar og skuledemokrati for Øygarden kommunale skular
- Forskrift om permisjon frå grunnskuleopplæringa for Øygarden kommunale skular
- Forskrift om hovudmål for Øygarden kommunale skular
I framlegget til «Forskrift om hovudmål for Øygarden kommunale skular» er det føreslått nynorsk skal vera hovudmål på dei kommunale skulane i Øygarden. Forskriftene omhandlar også skulereglar og permisjonsreglar.