Vil løyva pengar til kunstgrasdekke

Formannskapet tilrår å løyva eín million kroner til nytt kunstgrasdekke i forballhallen til Sotra Sportsklubb ved Sotra Arena. På møtet på tysdag tilrådde formannskapet også å forskottera 1,7 millionar kroner i spelemidlar til det nye dekket.

I pausen var det drøfting av saka om "Byutgreiing 2025". Formannskapet samla seg om fleire tilleggspunkt. Frå venstre; Espen Stølsnes Harkestad (Ap), Nils Kåre Skoge (H) og Marianne Sandahl Bjorøy (Ap) - Klikk for stort bileteI pausen var det drøfting av saka om "Byutgreiing 2025". Formannskapet samla seg om fleire tilleggspunkt. Frå venstre; Espen Stølsnes Harkestad (Ap), Nils Kåre Skoge (H) og Marianne Sandahl Bjorøy (Ap).

I saka går det fram at dersom ikkje kunstgraset vert skifta ut, må hallen stengjast for bruk. Kommunedirektøren skriv at dette vil ha konsekvensar for idrettstilbodet i kommunen og peikar på at fotballhallen er viktig med tanke på aktivitetstilbod til barn og unge.

Ifølgje kommunedirektøren oppfyller søknaden vilkåra i vedtekne retningsliner for forskottering av spelemidlar. Søknaden er også i samsvar med samfunnsdelen til kommuneplanen og strategisk plan for kultur, idrett og frivilligheit. Idrettsrådet er positiv til søknaden.

I drøftinga av saka tok fleire til orde for at det bør vera ei klar føring i vedtaket om at andre lokale idrettslag som låner hallen får gjort dette til redusert pris. Det er venta at dette vert teke opp når kommunestyret avgjer saka den 11 februar.

I tilrådinga heiter det også at kommunedirektøren får fullmakt til å utforma og inngå avtale mellom Sotra Sportsklubb og Øygarden kommune.

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Må ta omsyn til ytre delar av byvekstområdet

Formannskapet tilrår at Øygarden kommune tek byutgreiing 2025 for bergensområdet til orientering. I tilrådinga til kommunestyret heiter det også at kommunen vurderer byutgreiinga som eit godt og relevant kunnskapsgrunnlag for den komande reforhandlinga av byvekstavtalen for bergensområdet.

Formannskapet slutta seg til eit tilleggsframlegg i tre punkt frå Arbeidarpartiet. Der heiter det mellom anna at verkemiddel i byvekstavtalen må ta omsyn til reiseavstandar, næringsstruktur og kvardagsmobilitet i ytre delar av byvekstområdet. For Øygarden er det viktig at restriktive tiltak vert balanserte med eit styrkt og påliteleg kollektivtilbod, og at løysingar vert utforma slik at dei varetek både innbyggjarar, næringsliv og personar med særlege transportbehov.

I dette tilleggspunktet vert det vist til at kommunar med lang utstrekning og mykje sprett busetnad, og der det eksisterande kollektivtilbodet i stor grad er tilpassa skuletransport, ikkje dekkjer det daglege reisebehov for arbeid, helse og fritid. Difor vil personbil vera eit nødvendig transportmiddel, og dette må anerkjennast i planen. Ein bør vurdera ein modell der bilbruk kan aksepterast i første del av reisa, men koplast på gode overgangspunkter mot kollektivtransport. 

I tilrådinga frå formannskapet vert det også understreka at parkeringsmogelegheita i dei ytre delane av kommunen må anerkjennast som strategiske innfartsparkeringar. 

- Desse har som funksjon som sentrale knutepunkt for pendlarar, og vil ofte vera eit avgjerande verkemiddel for auke i bruken av kollektivtransport, heiter det i tilrådinga.

Formannskapet slutta seg også til eit framlegg frå INF om at kommunen legg til grunn at det i ytre og spreiddbygde delar av kommunen ikkje skal innførast restriktive tiltak mot bilbruk som hovudverkemiddel i byvekstavtalen. Restriksjonar på parkeringsplassar skal ikkje vera hovudverkemiddel i byvekstavtalen, særleg i ytre og spreiddbygde område.

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

KS debatthefte 2026

Fellesorganisasjonen for kommunane, KS, sender kvart år ut debattheftet til kommunar og fylkeskommunar. Det er ein invitasjon til å gi innspel på aktuelle strategiske spørsmål som skal vera med å utvikla ny politikk eller setja dagsorden. 

Formannskapet tilrår å slutta seg til kommunedirektøren sine svar til debattheftet («Tid for taktskifte»)
Debatthefte 2026 rettar særleg merksemda mot to hovudtema; taktskifte for berekraftig velferd og taktskifte for skjerpa beredskap. 

Nedanfor er det lenkje til saka med svar på spørsmål i debattheftet.

Prinsippvedtak om mva-avtalar

Formannskapet tilrår at Øygarden kommune kan inngå avtaler om overføring av justeringsrett og justeringsplikt i samband med prosjekt på offentleg infrastruktur. Ein justeringsavtale med ein kommune er ein avtale der ein utbyggar overfører retten sin til å justera/få tilbake meirverdiavgift (mva) til kommunen ved overtaking, for infrastruktur (til dømes kommunal veg) eller andre offentlege tiltak. 

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Prinsippvedtak for utbyggingsavtalar

Formannskapet tilrår å leggja ut forslag til prinsippvedtak om utbyggingsavtalar på høyring. Prinsippvedtaket omfattar geografisk avgrensing, innhald, kostnadsdeling, byggherreansvar, fullmakter om avtaleprosess og gebyr. 

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Her er innkalling med saksdokument.


Tekst og foto: Vigleik Brekke