Elisabeth Erichsen Sandvik (H) ønskte tilbakemelding mot slutten av året 2026 om ordninga fungerer. Hennar tilleggsforslag fekk full tilslutnad i utvalet.Saka vart behandla i utvalet på torsdag.
PMU sluttar seg dermed til innstillinga frå kommunedirektøren og fylkesdirektøren.
I uttalen frå utvalet heiter det også at oppteningsperioden vert nullstilt årleg i samband med prisjusteringa for ferje 1. januar.
Elisabeth Erichsen Sandvik (H) fekk full tilslutnad til eit tilleggsforslag der PMU ber om ei tilbakemelding mot slutten av året 2026 om ordninga fungerer.
Det er Vestland fylke som avgjer saka.
Bakgrunnen for saka er manglande kapasitet etter at det vart innført gratis ferje på dette sambandet. Trafikken auka med 45 prosent frå 2022 til 2023 etter at det vart innført gratis ferje. Konsekvensen av dette har vore at fastbuande på Lerøyna og Bjelkarøyna som er avhengige av sambandet for å komme seg til og frå arbeid og nødvendige gjeremål, ikkje kan vera trygg på å få plass på ferja.
Tilrår å selja brannstasjon på den frie marknaden
Utvalet meiner at den gamle brannstasjonen på Tjeldstø bør leggjast ut for sal på den opne marknaden. Kommunedirektøren får fullmakt til å gjennomføra salet.
Kommunestyret vedtok i desember 2024 at den gamle brannstasjonen vert tilbydd selt til ØyVAR. Om ØyVAR ikkje var interessert skulle ein venta på avklaringar knytt til Vestprosess, Troll kondensat og kommuneplanen sin arealdel for ny vurdering av sal.
ØyVAR har nyleg takka nei til å kjøpa eigedomen. Kommunestyret har oppheva det mellombelse forbodet mot tiltak, og la ned nytt mellombels forbod mot tiltak langs delar av røyrtraseen til Vestprosess, Troll kondensat og Oseberg transportsystem. Det nye mellombelse forbodet omfattar ikkje den gamle brannstasjonen på Tjeldstø. Risikoen for tredjeperson på og rundt den gamle brannstasjonen på Tjeldstø, er ifølgje kommunedirektøren vurdert som akseptabel.
På bakgrunn av dette tilrår kommunedirektøren å leggja brannstasjonen ut for sal på den opne marknaden. PMU slutta seg altså til dette. Formannskapet har også tilrådd å leggja eigedomen ut for sal.
Budsjett og økonomiplan
Budsjett 2026 og økonomiplan 2026-2029 stod også på sakskartet. Plan- og miljøutvalet tok budsjett og økonomiplan til orientering.
Andre saker
- PMU tilrår å leggja ein eigedom på 13,5 mål i Skogsskiftet ut for sal på den opne marknaden. Utvalet ber om at formannskapet får førelagt eit notat med utfyllande informasjon. Saka går til formannskapet for avgjerd.
- Utvalet tilrår kommunestyret å vedta strategiplan for tilsyn etter plan- og bygningslova
slik han ligg føre. - Eí klagesak på delegert vedtak.
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.
Tekst og foto: Vigleik Brekke