Frå møtet i eldrerådet 24. aprilI uttalen, fremja av leiar Egil Haaland, seier rådet at planen er innhaldsrik, og viser eit stort behov for både større og mindre tiltak dei komande åra. Dei mindre tiltaka er ikkje prioriterte i prioriteringslista, men skal følgjast opp.
I uttalen seier eldrerådet at snø- og isfrie tilkomstvegar om vinteren, og kosting på andre årstider, i mange tilfelle vil vera heilt avgjerande for mjuke trafikantar som er avhengige av rullestol og rullatorar, for at dei skal kunne delta på aktivitetar på lik linje med andre.
- Belysning i gangfelt og på tilkomstvegar er også viktig, av same grunn, uttalar eldrerådet.
Rådet slutta seg også til ein uttale fremja av Berit Anita Knudtsen Larsen om at eldrerådet opplever at sparkesyklar diverre vert «slengt» på fortau og ved ulike overgangar til stor fare for dei gåande og til fare for dei med nedsett funksjonsevne og andre. Målretta haldningskampanje i samarbeid med leverandørane av sparkesyklane kan eventuelt løysa dette.
Besøkjer tre sjukeheimar
Etter ei drøfting samla eldrerådet seg om at det vert lagt opp til ei synfaring på Fjell sjukeheim, Øygarden lokalmedisinske senter og Straume bu- og servicesenter på møtet den 25. september. Det må vera rom for samtalar med leiing og tilsette for å få informasjon om drift, ønske og behov. Etter synfaringa vert møtet i eldrerådet gjennomført. Rådet er innstilt på å bruka lengre tid på dette enn vanleg møtetid. Erfaringa frå dette besøket vert vurdert før planlegging av besøk til dei andre institusjonane.
Andre saker
- Når det gjeld saka om tenesteskildringar ber eldrerådet om å få tilbake saka som høyringssak i møtet den 26. mai og som sak til behandling etter at høyringsfråsegnene er gått gjennom.
- Eldrerådet hadde ikkje merknader til saka om tilgjenge i vallokala under stortingsvalet i september.
- Det er lagt opp til ei omfattande lokal markering av den nasjonale eldredagen 1. oktober.
- Eldrerådet vedtok ein del endringar i handlingsplanen for eldrerådet.
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.
Tekst og foto: Vigleik Brekke