Døme på robustbustaderSaka er oppfølging av budsjettvedtak og økonomiplan 2022-2025, og i 2023 var det vedteke å skaffa fem – 10 robuste bustader til personar som manglar evne til å bu og som ikkje ønskjer å ta imot hjelp. Bustadene er retta mot personar som kan ha vanskar med å bu i eit ordinært nabolag og i ein ordinær bustad.
Ved å etablera bustader for denne målgruppa vil ein gjera det enklare for desse personane å ta imot hjelp. I samfunnsdelen til kommuneplanen vert det understreka at alle innbyggjarar i Øygarden skal ha tilgang til trygge og tilgjengelege bustader. Robustbustader vil også vera eit viktig bidrag for folkehelsa for denne målgruppa.
Ved lokalisering av slike bustader er det lagt til grunn fleire kriterium som skal ivareta både bebuar, nabolag og tenester. Døme på dette er at bustadene ikkje skal etablerast tett på eksisterande rusmiljø og skal ikkje liggja i direkte nærleik til barnehage og/eller skule. For å unngå konflikt skal bustadene heller ikkje lokaliserast midt i etablert busetnad.
Dialog med nabolag
Saka skal først behandlast i levekårsutvalet den 29. januar og går til endeleg behandling i kommunestyret.
- For å lukkast med eit best mogleg tilbod til bebuarar og samstundes ivareta nabolag, er det avgjerande at kommunen har ein god og open prosess i møte med nabolag og at det vert gjeve rett informasjon til rett tid.
I etterkant av vedtak i kommunestyret vert det kalla inn til nabolokalsmøte i dei aktuelle områda for etablering av robustbustader. Målgruppa for desse møta er grendelag og liknande. Det skal også vera eit fast kontaktpunkt i kommunen som nabolag kan venda seg til.
Økonomisk gevinst vil styrka tenestetilbodet
Øygarden bustadutvikling har gått til innkjøp av seks robustbustader. Dei tre siste av desse er levert kommunen innan mai 2025. Desse bustadene vil ha ein totalkostnad på 11 millionar kroner. Dette vil ikkje føra til auka kostnader for kommunen, men ei innsparing som kan nyttast til å styrka tenestetilbodet for denne gruppa.
I tilrådinga frå kommunedirektøren er det føreslått å etablera seks robustbustader. I tillegg vil det også koma kostnadar knytt til etablering av bustadane, som til dømes grunnmur, infrastruktur og liknande. Etablering av robustbustadar vil truleg medføra ei innsparing, ettersom kommunen ofte har kostbare mellombelse tilbod for denne gruppa. Innsparinga kan igjen nyttast til å styrkja tenestetilbodet for kommunen.
I tilrådinga frå kommunedirektøren er det føreslått å arbeida vidare med åtte ulike tomter for å etablera robustbustadar.
Dette er:
- Medarseta, gbnr. 238/620: Maks 1 bustad
- Gamle Kårtveit skuletomt, gbnr. 21/5: Maks 2 bustadar, mellombels plassering
- Haggardsvatnet, gbnr. 27/142: Maks 1 bustad
- Rong ferjekai, gbnr. 237/170: Maks 1 bustad
- Ekerhovd, gbnr. 47/127 : Maks 1 bustad
- Krossleitet, gbnr. 56/35: Maks 1 bustad
- Klokkarvik, gbnr. 105/138 Maks 1 bustad
- Skjenet: gbnr. 35/372 Maks 1 bustad, midlertidig
I framlegget heiter det også at kommunedirektøren kjem tilbake med sak hausten 2025 med ei sak der det vert teke stilling til behovet for å skaffa ytterlegare fire robustbustadar.
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Djønne Modul