Vil godkjenna detaljregulering for RAN seglbåthamn

Plan- og miljøutvalet tilrår å godkjenna detaljregulering for RAN seglbåthamn i Anglavika. Formålet med planarbeidet er å sikra anlegget til seglforeininga betre mot vêr og vind ved å etablera molo på steinfylling i sjø. 

Skisse: ARD Arealplan AS

Plan- og miljøutvalet var samla til møte på torsdag.

I tillegg ønskjer seglforeininga å utvida anlegget for å få plass til om lag 30 fleire båtplassar. Det er også eit formål å etablera ein ny arrangementsplass i tilknyting til ny molo med tilkomst via ei bru frå eksisterande anlegg. Ut over dette regulerer planen området i all hovudsak i samsvar med eksisterande bruk.

Planområdet ligg i underkant av fem kilometer nord for region- og kommunesenteret Straume og er på om lag 55 dekar. 

Tilrår å slutta seg til handlingsprogram for Miljøløftet

PMU tilrår at kommunestyret sluttar seg til handlingsprogrammet til Miljøløftet for 2027–2029, slik det ligg føre.
Handlingsprogrammet viser at prosjekt i Øygarden kommune i perioden 2027 - 2029 ligg inne med omlag 467 millionar kroner. I tillegg kjem fylkeskommunalt bidrag på 52,4 millionar kroner til prosjektering og meirverdiavgift for dei to prosjekta som gjeld fylkesveg. 

Byvekstavtalen forpliktar avtalepartane til å samarbeida om å nå nullvekstmålet gjennom effektiv arealbruk og ved at framtidig vekst i personbiltrafikk vert tatt med kollektiv, sykling og gonge (nullvekstmålet).

I saka er det vist til status i fire prosjekt i Øygarden.

Akse Straume sjøfront til Varden 

Prosjektet er redusert i forhold til tidlegare handlingsprogram. Midlane er tenkt brukt på å utvikla Straumsalmenningen mellom Sartorvegen og Straume sjøfront. Forprosjekt 2026, gjennomføring 2027/28. 

Bildøyvegen/Straumsundet bru 

Løyving i statsbudsjettet for 2026 på 16,4 millionar kroner er mellom anna tiltenkt grunnerverv. Det er planlagt anleggsstart hausten 2027/samordna med opning av nytt sotrasamband.  

Miljøgate Ågotnes - delstrekning 1 

Fylket skal prosjektera og klargjera for anbod i 2026/2027. Gjennomføring er planlagd i 2028/2029. 

Skogsskiftet sentrumsområde 

Prosjektet er ute på anbod. Løyving i statsbudsjett for 2026 på 25 millionar kroner er trekt ned til 15 millionar kroner i samband med innspel til revidert nasjonalbudsjett frå Statens vegvesen. Gjennomføring av prosjektet er planlagt 2027 - 2029.  

Når det gjeld belønningsmidlar, har kommunen til handlingsprogrammet 2027-2029 spelt inn eit behov på 13,9 millionar kroner til fire ulike mindre prosjekt. Dette er: 

  • prosjektstilling mobilitet 
  • midlar til administrasjon og utvikling av mikromobilitet 
  • gjennomføringsmidlar til tiltak i vedteken trafikktryggleiksplan 
  • samlepott planleggingsmidlar for prosjekt i kommunen


Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Legg forvaltningsplan for grågås ut til offentleg ettersyn

Dei siste åra har fleire teke kontakt med kommunen for å få løyve til å fella grågås. På ulike område, særleg i den nordlege delen av kommunen, samt nokre område sør i kommunen, har det vore betydelege skadar på jordbruksareal i fleire år. Tiltak som har vore gjennomførte for å skremma gåsa, til dømes bruk av skremmeskot, rovfuglfigurar og andre forstyrringstiltak, har vist lite og kortvarig effekt.

Øygarden kommune har no utarbeidd ein forvaltningsplan for grågås for å ha verktøy til å motverka eit aukande problem av skader på fulldyrka areal. 

Plan- og miljøutvalet vedtok at forvaltningsplan for grågås i Øygarden kommune 2026 - 2030, vert lagt ut til offentleg ettersyn. 

Andre saker

Utvalet behandla to klagesaker.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Her er opptak frå møtet (kommune-TV).


Tekst: Vigleik Brekke
Illustrasjon: ARD Arealplan AS