Pauseprat.Han seier at det er avgjerande for vekst og utvikling å ha ein god dialog med næringslivet.
- Difor er det viktig med slike møtepunkt, seier han.
Det var ordføraren som innleia nyttårsmøtet. Han presenterte eit ganske dystert bilete av den globale situasjonen med konfliktar, økonomiske svingingar, klimakrise og politisk ustabilitet. Dette påverkar oss alle.
- Trass i det dystre biletet, er det viktig at vi kan ha fokus på dei nære ting, det vi kan gjera noko med. Før jul fekk eg møta Unni Instefjord og hennar organisasjon (Giving Hands) og trailersjåføren for hjelpesendingar til Ukraina. Det gjorde inntrykk. Kvart år køyrer fire til seks trailerar til Ukraina. Når eg ser bilete av barna som får gåver, då er våre problem små, sa Indrevik.
Indrevik sa at ein har kome eit viktig steg vidare i arbeidet med få realisert godshamn på Ågotnes og at dette vil skapa nye arbeidsplassar lokalt. Ordføraren viste til arbeidet med arealdelen til kommuneplanen og betre økonomiske utsikter med mogleg plussresultat for 2025.
- Det som kanskje gjorde det sterkaste inntrykket i fjor var å treffa ungdom som treng litt ekstra støtte, på Gangstø ressurssenter, tidlegare Blomvåg skule. Eg håpar vi kan ha eit ekstra fokus på dei som står litt utanfor når vi møter enkeltmenneske i kvardagen, sa ordføraren.
Ordførar Tom Georg IndrevikVil ha god eigedomsforvaltning
Kommunedirektør Johnny Breivik sa at kommunen arbeider med omstilling som mellom anna inneber å flytta pengar frå oppvekst til helse og omsorg. Forventningsgapet viser at innbyggjarane har større forventning enn det kommunen maktar å levera av tenester.
Kommunen har eit stort fokus på korleis eigedomane skal forvaltast.
- Vi skal ikkje ha meir areal enn nødvendig. Her på rådhuset har vi 6 700 kvadratmeter til disposisjon, medan vi i alternativt lokale om eitt års tid disponerer 1 800 kvadratmeter. Framover skal kommunen investera stort i skule og sjukeheim. Vi har eit attraktivt næringsliv i Øygarden. Dette bidreg til tilflytting og viktige skatteinntekter, sa kommunedirektøren.
Andre fokusområde for kommunen no er utvikling av godshamn, omstillingsprogrammet Øygarden pluss, beredskap og utvikling av Fjell festning.
Nyttårsmøtet vart leia av næringssjef i Øygarden kommune, Marianne Furheim. Ho sa at fylket arbeider med eit forprosjekt for fylkesveg 561 mellom Kolltveit og Ågotnes. Ny kraftlinje mellom Samnanger og Kollsnes vil leggja til rette for industriutvikling i Øygarden. Statnett har frist innan 2. kvartal 2026 med å levera dokumentasjon på alternativ trasè på denne til NVE. Ho gav også status for arbeidet med Framtidssamfunnet og Samfunnskraft, der sistnemnde er eit leiarprogram med deltakar-mix frå privat næringsliv, det offentlege, frivilligheita og akademia.
Ho oppmoda næringslivet om å tilby sommarjobbar.
- Her treng vi alle mann på dekk. Gje også ungdomane ei meiningsfull arbeidsveke, sa næringssjefen som også informerte om arbeidet med utvikling av Sotra Kystby, områdeplanen for Straume nord, Gründerparken Vest, Øystart og arbeidet med og for reiselivsnæringa. Saman med Vest Næringsråd, er det planlagt etablering av ei handverksgruppe der byggebransjen vert invitert til tettare dialog med kommunen.
Rundt 35 personar deltok på nyttårsmøtet.Samfunnsplanleggjar Kristina Espeseth presenterte arbeidet med arealdelen til kommuneplanen. Etter at kommunestyret i sist veke vedtok planprogrammet, er det klart for kontormøte i Skogsskiftet, Straume og Rong. Det første kontormøtet vart gjennomført torsdag denne veka. På kontormøta kan folk ta opp konkrete spørsmål til arealdelen til kommuneplanen. Det er også mogleg å koma med forslag til nye føresegner.
I samtalen vart det teke opp spørsmål om lokalt sjølvstyre, trafikkflyt, innfartsparkering, godshamn, oppfølging av arealdelen til kommuneplanen, trafikk over Straumsundet bru og transportstøtte til skule-elevar som deltek i lokalt kulturarbeid.
Her er fleire bilete:
Tekst og foto: Vigleik Brekke