Frå venstre; Johnny Straume, John André, Tom Georg Indrvik og Ole Martin Straume.Miljøfyrtårn er eit verktøy for sertifisering og miljøleiing som skal hjelpa bedrifter til å lukkast med den grøne omstillinga. Etter at bedriftene har dokumentert at dei kan få status som Miljøfyrtårn, er det klart for utdeling.
Heile senteret har 24 tilsette. Miljøfyrntårnet gjeld verkstaddelen med Meca, Super Daek og agenturet Hunsqvarna. Denne delen av verksemda sentralt på Straume har 10 tilsette og er knytt opp mot energistasjonen St1. Stasjonen er også forhandlar for Univar industriolje.
Johnny Straume er eigar og John André Straume er dagleg leiar.
- Det å vera miljøfyrtårnsertifisert handlar ikkje berre om å kjeldesortera. Kjeldesortering er noko vi har drive med lenge. Det handlar om å få sjekk av miljøfotavtrykket, sikra sunn økonomi og ha eit godt arbeidsmiljø, seier John André Straume.
- Eit konkret tiltak vi har stor nytte av er bruk av pappresse. Dette bidreg til mindre transport og er eit godt miljøtiltak, seier Ole Martin Straume som er styreleiar i selskapet.
John André Straume og Tom Georg IndrevikEigar Jonny Straume seier at det følgjer mange godar med å vera sertifisert.
- Det bidreg til auka kundemasse og større kundar.
Kjersti M. Straume som også er ein del av denne familiebedrifta understrekar at bedrifta har stabil arbeidskraft og lite gjennomtrekk.
- Vi er svært opptekne av HMS, seier ho.
Tekst og foto: Vigleik Brekke