- Vi vil gjera det skikkeleg

B Telle Trearbeid AS og B Telle Eigedom fekk denne veka overrekt miljøfyrtårnsertifikat av ordførar Tom Georg Indrevik.
- Vi må ha fokus på miljø og ta ansvar, seier Helene Sæbø Bergesen som har hatt jobben med å få på plass det som skal til for å verta sertifisert.

Helene Sæbø Bergesen (arkitekt og prosjektleiar) tok imot miljøfyrtårnsertifikatet frå ordførar Tom Georg Indrevik. - Klikk for stort bileteHelene Sæbø Bergesen (arkitekt og prosjektleiar) tok imot miljøfyrtårnsertifikatet frå ordførar Tom Georg Indrevik.

Miljøfyrtårn er eit verktøy for sertifisering og miljøleiing som skal hjelpa bedrifter til å lukkast med den grøne omstillinga. Etter at bedriftene har dokumentert at dei kan få status som Miljøfyrtårn, er det klart for utdeling.

B Telle Trearbeid har 16 tilsette og hadde ein omsetnad i fjor på om lag 150 millionar kroner. Då er ikkje omsetnaden til XL-BYGG Sotra Bruk rekna med. Firmaet leiger inn underentreprenørar og arbeidskraft til dei ulike prosjekta.

- For oss er privatmarknaden den største med sal av einebustader og diverse prosjekt i eigen regi. Vi har også ein del eigedomsforvaltning, seier dagleg leiar Per Erling Tellnes.

Helene Sæbø Bergesen seier at det følgjer ein del arbeid med å verta miljøfyrtårnsertifisert. Det er mykje å setja seg inn og mykje skal dokumenterast.

- Dette vil vi gjera skikkeleg. Vi kjeldesorterer her på huset og på byggjeplassane. Vi har fått gode tilbakemeldingar frå BiR om at vi gjer ein god jobb med dette. Her i Tellnes Næringspark har vi også eit sentralfyringsanlegg som gjev varme til våre lokale og andre lokale i parken.

Ordførar Tom Georg Indrevik gler seg over at fleire og fleire bedrifter i Øygarden vert miljøfyrtårnsertifiserte. 

- Kundane er i større grad enn før opptekne av berekraft, seier han.


Tekst og foto: Vigleik Brekke