- Vi må løysa dette saman

Den tryggleikspolitiske situasjonen stod i fokus då beredskapsrådet i Øygarden var samla til møte på onsdag. 
- Vår jobb er å få samfunnet til å gå rundt i ein krisesituasjon, sa ordførar Tom Georg Indrevik då han ønskte rådet velkomen til samling i kultursalen på rådhuset. 

Assisterande fylkesberedskapssjef Mari Severinsen og ordførar Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bileteAssisterande fylkesberedskapssjef Mari Severinsen og ordførar Tom Georg Indrevik

Beredskapsrådet er samansett av personar som er sentrale aktørar i ein krisesituasjon. I tillegg til den kommunale leiinga, er det representantar frå brannvern, helse, politi, forsvar, sivilforsvar, kyrkje, næringslivet og frivillige organisasjonar.

Ordføraren understreka kor viktig det er å samla dei ulike aktørane på denne måten.

- Vi som kommune kan ikkje løysa dette åleine, men saman, sa han.

Hovudføredragshaldar på dette møtet var assisterande fylkesberedskapssjef Mari Severinsen. Ho tok utgangspunkt i sitat frå utanriksminister Espen Barth Eide som i stortinget i mars i år sa at Noreg står i den mest alvorlege tryggleikspolitiske situasjonen sidan andre verdskrig.

Severinsen viste til fleire sentrale utgreiingar og dokument. Eit sentralt dokument er totalberedskapsmeldinga som vart lagt fram i januar 2025. Hovudprioriteringane i nasjonal tryggleiksstrategi er å raskt styrkja forsvarsevna, gjera samfunnet meir motstandsdyktig og å styrkja den økonomiske tryggleiken.

- Vi skal gjera samfunnet meir motstandsdyktig ved å kommunisera og forstå alvoret i situasjonen. Forsvaret er avhengig av sivile ressursar i krig. Mellom anna må primærhelsetenesta ta imot fleire pasientar for at sjukehusa skal ha kapasitet til å behandla skadde soldatar, sa ho.

Severinsen viste også til kor viktig eigenberedskapen er i krisesituasjonar.

- Dersom fleire menneske vert i stand til å ta vare på seg sjølv i ein krisesituasjon, desto meir kan det offentlege prioritera dei som treng det mest, sa Mari Severinsen. 

Frå møtet i beredskapsrådeet 27. mai - Klikk for stort bileteFrå møtet i beredskapsrådeet 27. mai

Beredskapsråd

I totalberedskapsmeldinga står det at beredskapsråda er ein viktig arena for gjensidig informasjonsutveksling, drøfting og koordinering av beredskapsarbeidet i kommunen. Råda er viktige for deling av situasjonsforståinga, men har ikkje avgjerdsmynde. 

- Det er opp til kommunane å vurdera kven som skal vera med beredskapsråda. Det er fint at det frivillige, næringslivet og media er med i rådet og at ein har jamn møtefrekvens. Kommunen er avhengig av å ha eit godt beredskapsråd. Dette må gjerast i fellesskap til beste for innbyggjarane, sa assisterande fylkesberedskapssjef Mari Severinsen. 

I beredskapsrådsmøtet på onsdag var det også sett av tid til diskusjonsøving.

I september inviterer Øygarden kommune til arbeidsverkstad om beredskap. Personar frå det offentlege, næringslivet og det frivillige vert invitert. Det vert også gjennomført kriseøving.


Tekst og foto: Vigleik Brekke