Frå venstre; Frøydis Haugen, Svein Otto Jacobsen (utvalsleiar), Terje Strandtun og Sturle Minde.Ho presenterte status for landbruket i Øygarden. I tillegg til bondelaget møtte det representantar frå Norges Bonde- og Småbrukarlag og lokallaget av Norsk Sau og Geit.
Innleiingsvis understreka leiar i bondelaget, Sturle Minde, at det er eit sterkt ønske frå landbruket om å ha eit godt samarbeid med Øygarden kommune.
Frøydis Haugen viste til at det er 114 landbruksbedrifter i Øygarden som gjev arbeidsplassar og at ringverknadene er store. I Øygarden er det 4,7 prosent jordbruksareal i drift. Askøy har 5,1 prosent og Bergen 6,3 prosent. Likevel er produksjonen av mjølk i Øygarden vesentleg større enn i dei to nabokommunane. Det vert produsert 220 tusen liter mjølk pr år, 120 500 kilo egg, om lag 55 tusen kilo lammekjøt og rundt 23 tusen kilo storfekjøt årleg i Øygarden.
- Samfunnsmessige positive konsekvensar av dette er mattryggleik, beredskaps/branntryggleik, opne landområde, berekraft og klimavennleg drift. Eksempelvis er beiting viktig for å halda kratt og skog borte, sa Haugen som også viste til ei rekkje ulike produksjonsområde innan landbruk som har potensiale i Øygarden. Til dagleg er ho lærar på Stend jordbruksskule.
Politikarane ønskjer også godt samarbeid
Politikarane som tok ordet, gav uttrykk for at omfanget av landbruk i Øygarden var til dels ukjent informasjon, men like fullt gledeleg. Dei støtta også fullt opp om landbruket sitt ønske om godt og tett samarbeid.
Tema som vart tekne opp av medlemene i kommuneplanutvalet var mellom anna brannførebygging knytt til beiting, potensiale for utvida jordbruksareal, dyrevelferd, rekruttering til landsbruksyrket, behov for oversikt over aktuelle fyllplassar for jord.
- Vi ønskjer å bruka jorda her. Det er ikkje ønskeleg at jorda vert frakta vekk, sa Sturle Minde.
Terje Strandtun sa at beiting bidreg til å halda vegetasjonen nede og at dette var viktig med tanke på brannførebygging.
- Dersom vi ikkje held vegetasjonen ned skyt det opp småskog og seinare lauvskog. Beiting er ei viktig løysing for å verna kystlyngheia, sa han.
Arealplan-arbeid
Etter møtet med landbruksorganisasjonane gjennomførte kommuneplanutvalet gruppearbeid med spørsmål om strategi og prinsipp og korleis resten av kommunestyret kan involverast i arbeidet med arealdelen til kommuneplanen.
Tekst og foto: Vigleik Brekke