Frå samlinga på Øygarden lokalmedisinske senter. Frå venstre; Emma Sofie Heggernes, Anita Sandvik, Matilde Algrøy, Svannah Algrøy, Solveig Konstanse Algrøy, Ole Kristian Hamre og Tom Georg Indrevik.Rundt om på institusjonane var det gjort klart for besøk på julaftan. Mange av bebuarane skulle feira jul saman med familien seinare på dagen, medan andre feira dagen på plassen.
Ordførar Tom Georg Indrevik sa at kanskje vi kan verta den kommunen der folk seier meir takk.
- Det er heilt gratis. Det er kanskje ikkje så mange som tykkjer det er dumt når eg er vekke frå jobb nokre dagar, men dersom nokon her ikkje kjem på jobb her, vil vi merka det godt. Eg er utruleg takksam for alle her og andre stader i kommunen som er på jobb i julehelga, sa ordføraren og ønskte god jul til alle bebuarane.
Ordføraren og presten besøkte Straume bu- og servicesenter, to avdelingar på Fjell sjukeheim og Øygarden lokalmedisinske senter. Saman med barna sine, Matilde (11) og Savannah (7) var det Solveig Konstanse Algrøy som stod for vakker song og musikk. På samlinga fekk dei frammøtte oppleva solosong, allsong, juleevangeliet, Fader vår og andakt.
Ole Kristian Hamre sa at det er flott at vi skal få gle oss til noko som er i vente, noko stor som skal skje.
- Sjølv ventar vår familie på ei lita jente som kjem i januar. For Maria og Josef var det også stor spenning. Jula handlar om at Gud vart menneske og at Jesus døydde på krossen for deg og meg. Sjølv om vi ikkje alltid opplever at det er «deilig på jorden» kan vi få syngja dette og venta på han som koma og skal gjera det på nytt, sa prostiprestvikaren.
Gudsteneste på Tednebakkane
På Tednebakkane omsorgssenter var det gudsteneste ved sokneprest Espen Tveten og organist Øystein Steinsland. Vel 50 møtte til samlinga.
Frå gudstenesta på Tednebakkane omsorgssenterLeiar i plan- og miljøutvalet, Børge Haugetun, sa at det er ein flott tradisjon at det vert halde gudsteneste på sjukheimane på julaftan. Han takka dei tilsette som arbeidar i jula på vegner av kommunen og takka kyrkja for at dei gjer det mogleg for bebuarane og pårørande å få julegudsteneste.
- I ei tid med konfliktar i Europa, Midtausten, Afrika og Asia er me heldige som lever i fred. Tradisjonar og dei nære ting er viktige i jula, sa han.
I talen la Espen Tveten presten vekt på at det ikkje er naudsynt med særskilte og omfattande gjeremål for å koma nærare Gud.
- Snarare er bodskapen tilgjengeleg for alle som tek i mot bodskapen. Gud gjorde seg liten for vår skuld, gjennom menneskesonen i krybba i ein enkel stall, sa soknepresten.
- Min andre heim
Ein av dei som hadde funne vegen til samlinga på Øygarden lokalmedisinske senter, var Gerd Spjeld (81) som har vore her i to månader. I romjula skal ho flytta inn i husvære i Straume bu- og servicesenter. Ho har det godt på det lokalmedisinske senteret.
Gerd SpjeldGerd gifta seg med ein strilakar og busette seg på Spjeld då ho var 31 år gamal.
- Her er min andre heim. Det er heilt fantastisk å vera her. Personalet er heilt supert. Eg likar å ha folk rundt meg, og eg vil gjerne bidra til god stemning her. Her kan vi preika og tøysa saman, ler ho.
Ho har arbeidd i omsorgyrket her ute og har hatt sin arbeidsplass i heimehjelpa og på Blombakkane.
- Eg likar å arbeida med folk. Eg slutta då eg var 70 år, men hadde eigentleg ikkje lyst til å slutta, seier den blide Gerd Spjeld.
Her er fleire bilete:
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Børge Haugetun og Vigleik Brekke