Vellykka aktivitetsdag for fosterbarn

Saman med Sotra Lions og Trellevika kystkultursenter arrangerte Landsbytenesta aktivitetsdag for fosterfamiliar måndag 10. august.

Aktivitetar - Klikk for stort bileteBarna deltok på fleire aktivitatar.

Dagen baud på mange kjekke aktivitetar i fjøra. Barna fekk prøva motorbåtkøyring, tubing, krabbefiske, bading i våtdrakt og leik på SUP-brett. Ei lita jente fekk òg ei berggylte på stang frå kaien.

Det var flott å sjå korleis barna prøvde nye aktivitetar og opplevde meistring. Fleire hadde korkje køyrt tube eller bada i våtdrakt tidlegare. Det som verka skummelt i starten, vart etter kvart så kjekt at ingen ville gje seg. 

Ønskjer å vera med att neste år

– Vi blir med att neste år, sa dei frivillige frå Sotra Lions.

Dei serverte ein smakfull grillunsj til glede for alle som deltok.

– Dette er akkurat slike arrangement for barn og unge som vi ønskjer å bidra til, fortalde dei.
Lions er gode vener som hjelper andre og stiller opp der det er behov i lokalsamfunnet. Vi takkar Heidi og dei andre frivillige som bidrog til å gjera dagen så vellukka.

 4.jpg Heidi Landro og Jarle Sælensminde - Klikk for stort bileteHeidi Landro og Jarle Sælensminde

Mange gode møte

Fosterfamiliane i Øygarden har jamleg kontakt med ein kontaktperson i barnevernstenesta og ein landsbyrettleiar frå familiehjelpa.

Landsbyrettleiarane deltok på aktivitetsdagen og fekk gode samtalar med både fosterbarn og fosterfamiliar. Samstundes fekk familiane høve til å bli betre kjende med kvarandre. Det blei mange gode møte, mykje glede og fleire opplevingar av meistring gjennom dagen.

Vi rettar også ein stor takk til Trellevika kystkultursenter, som lét oss bruka senteret utan kostnad. Det gjorde det mogleg å gjennomføra arrangementet, sjølv om vêret var lunefullt. 

Dagen vart avslutta med is til alle. Sjølvsagt.

Her er fleire bilete:

Berggylte-fangst - Klikk for stort bilete
Frå aktivitetsdagen - Klikk for stort bilete
Frå aktivitetsdagen - Klikk for stort bilete
Frå aktivitetsdagen - Klikk for stort bilete
Frå aktivitetsdagen - Klikk for stort bilete
Frå aktivitetsdagen - Klikk for stort bilete


Tekst og foto: Tove Iren Vindenes, landsbyrettleiar ungdom - familiehjelpa