Velkomen til toppidrettskonferanse 11. april!

Øygarden idrettsråd inviterer til toppidrettskonferanse laurdag 11. april. Der vil ressurspersonar gje deg inspirasjon og fagleg påfyll til korleis Øygarden kan utvikla toppidrettsutøvarar.

Frå Sotra Arena handballandskamp - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto

Vil du vera med på dette, møt opp i kultursalen i Øygarden rådhus laurdag 11. april kl. 10.00-14.00.

Etter velkomst ved ordførar Tom Georg Indrevik vil Roger Gjelsvik, med god erfaring frå Torino, snakka om «Draumen om OL». Regionleiar i Olympiatoppen Vest, Pia Mørk Andreassen har innlegg om kva idretten treng for å utvikla toppidrettsutøvarar.

Elles vil du møta Daniel Grindeland og Robin Dale Oen som snakkar om kva innsats som må til for å vera toppidrettsutøvar.

Det er gratis å delta på konferansen.

Les programmet her. (PDF, 286 kB)

Her kan du melda deg på (frist 8. april)