Ordførar Tom Georg Indrevik presenterte forslaget om ny skule som vart vedteke.Vedtaket vart gjort med 28 røyster (Høgre, Frp, Sotralista-TVØ, KrF, Venstre og Pensjonistpartiet).
I vedtaket heiter det at drifta vert samla så raskt som praktisk mogleg på Ulveset skule og å starta planlegging av ny skule på Skålvika på arealet som er sett av til offentleg føremål.
Eit alternativt forslag frå Ap, INP, MDG, SV, Sp og Raudt fekk 16 røyster. I dette vedtaket vert det slått fast at det skal oppretthaldast to barneskular på vestsida og at vedtaket om bygging av ny skule på Møvika vert oppheva. Her kan du lesa heile forslaget. (PDF, 92 kB)
I fleirtalsvedtaket vert kommunedirektøren beden om å presentera ei sak til kommunestyret i oktober som avklarar følgjande:
- Rammer for ny skule på Skålvika med ei så rask igangsetting som mogleg ved å nytta tidlegare tilsvarande prosjekt.
- Eventuelt behov for meir areal.
- Moglegheit for å byggja i samarbeid med private for å redusera lånebehovet på kort sikt.
På grunn av målingar av frie asbestprøvar vart hovudbygget på Skålevik skule stengd i januar i år. Fram til sommaren har 1. og 2. trinn undervisning på Skålvika, medan 3. og 4. trinn går på Ulveset skule. 5. til 7. trinn går på Ågotnes skule.
Silje Ulveseth (Ap) talte varmt for mindretalsframlegget om å ha to skular på vestsida.Fremjar ikkje innbyggjarforslag
Det har kome eit innbyggarforslag i samband med akutt stenging av Skålevik skule. Kommunestyret viser til vedtak i saka “Skålevik skule - permanent og mellombels erstatning” og vedtok å ikkje fremja innbyggarforslaget til behandling. Dette vart grunngjeve med at kommunestyret i denne saka allereie har teke stilling til dei spørsmåla som innbyggjarforslaget tek opp i seg.
Vil ha minst 90 erstatningsparkeringsplassar
Kommunestyret vedtok å løyva fem millionar kroner til minst 90 nye parkeringsplassar rundt rådhuset/spesialistsenteret ved remerking og optimalisering av allereie opparbeidd parkeringsareal jf. saksutgreiinga. Utgiftene vert finansierte med løyvinga frå ubunde investeringsfond.
Vidare ber kommunestyret kommunedirektøren å optimalisera ytterlegare parkeringsplassar innanfor dei løyvde midlane på fem millionar kroner.
Det vert betalt parkering på offentlege areal i nærområdet til Straume med unntak av Sotra Arena og barnehagar og skular i området. Kommunestyret ber administrasjonen lysa ut anbod om vilkårsparkering for offentlege parkeringsareal drifta av private med skiltgjenkjenning via kamera, app og betalingsautomat. Kostnader for kommunen vert straum og datatilgang i tillegg til ordinært vedlikehald av områda slik det er i dag.
Vidare vart det vedteke at parkeringsplassane skal vera avgiftsbelagde i tidsrommet mellom klokka 06.00 og 16.00 på kvardagar og klokka 09.00 og 15.00 på laurdagar og søndagar/helgedagar – etter to timar gratisperiode. Prisar for parkering vert innarbeid i gebyrregulativ for 2026.
Kommunen skal arbeida vidare med å leggja til rette for micromobilitet som bygdesyklar, el-sparkehjul, servicebuss mellom til dømes Sotra Arena og Foldnes kyrkje, fleire sikre sykkelparkeringar, tilrettelegging for reetablering av bildeleordninga og universelt utforma gangveg til/frå næraste busstopp.
Ved innføring av betalt parkering skal det etablerast rabatt- og unntaksordningar for særskilte grupper, som til dømes personar med funksjonsnedsetting, frivillige i organisert innsats og helsepersonell som kan dokumentera vaktordning.
INP fekk ikkje støtte for eit forslag om gratis parkering for tilsette i kommunen. Forslaget fekk seks røyster (INP, Raudt og eín representant frå Arbeidarpartiet).
Frå kommunestryremøtet torsdag.Skal ikkje medfinansiera båtrute
Kommunestyret vedtok at kommunen ikkje skal inngå ein bindande intensjonsavtale med Vestland fylkeskommune om medfinansiering av båtruta Geitanger - Knappskog etter at noverande kontrakt utgår i 2026. Fylket har endra føresetnadane om ruteproduksjon i ny anbodsrunde for båtruta Geitanger - Knappskog og ønskjer no å vidareføra dagens ruteproduksjon. Fylket ber kommunen ta stilling til vidareføring av medfinansiering og skisserer at dette for kommunen vil utgjera inntil 500 tusen kroner.
INP fekk sine eigne fire røyster, og dermed ikkje fleirtal, for eit forslag om å inngå ein bindande intensjonsavtale med Vestland fylkeskommune om medfinansiering av båtruta Geitanger - Knappskog etter at noverande kontrakt utgår i 2026.
Eigarseksjonssameige for ny skule
Det vart vedteke å oppretta ein eigen seksjon i den nye vidaregåande skulen som Øygarden kommune skal eiga på Straume. Det skal arbeidast vidare med ein sameigemodell, som Åsane vidaregåande skule.
I vedtaket heiter det vidare at kommunen kan selja dei første områda på Straume nord i eigenregi. Kommunedirektøren kjem tilbake med forslag til delområde som skal seljast og korleis dette skal seljast i sak hausten 2025/våren 2026.
Vil ha større kultursal
Kommunestyret behandla om saka om offentlege funksjonar i samlokalisering med ny vidaregåande skule på Stovevatnet. Det vart vedteke å leggja modell frå Åsane VGS/kulturhus til grunn for ny vidaregåande skule på Stovevatnet når det gjeld offentlege funksjonar og arealbruk.
Desse funksjonane skal vera ein del av ny vidaregåande skule anten i eigen seksjon eller i sambruk med fylket sine areal:
- Helsestasjon for ungdom
- Vaksenopplæringa
- Kultursal som bør romma om lag 800 seter. Det bør også vera ein mindre sal/black box som rommar mellom 80-100 seter. Administrasjonen må finna rom til dette innanfor estimerte fire tusen kvadrat meter frå Åsane-modellen.
- Innbyggjartorg/bibliotek
- Fellesfunksjonar
- Kontorlokale – opsjon – eigen seksjon med plass til om lag 50 arbeidsplassar. Er tiltenkt politisk leiing, politisk sekretariat og administrativ leiing
- Parkering under ny vidaregåande skule, opsjon– er tiltenkt VGS og offentlege funksjonar og parkeringsbehov primært innanfor områdeplan Straume sentrum nord.
Det vert bedt om at økonomiske rammer for valt alternativ vert arbeidd inn i oppdatert Øygarden 2040 slik at økonomisk konsekvens vert vurdert opp mot kommunen sitt totale investeringsbehov.
Det vart også vedteke ei formulering om at det er viktig at bygget får god arkitektonisk utforming, gode visuelle kvalitetar og tiltalande utsjånad. Det bør vurderast inn gode og berekraftige løysingar i bygget, slik som gjenbruk, energieffektiv drift til dømes ved bruk av solceller og grønt areal på tak, eventuelt fasade.
Vedtaket vart gjort med 27 mot 16 røyster.
Vil ha fredingsområde for hummar ved Telavåg
Kommunestyret vedtok at kommunen skal arbeida vidare med ei formell freding etter havressurslova § 16 for dei to områda Ternneset/Nordra Skogneset og Nesvika/Ertnsskjeret slik at forskrift om fredning trer i kraft før fangstsesongen startar 01. oktober 2025.
MDG fekk støtte frå heile kommunestyret om at kommunen stiller seg positiv til å oppretta endå fleire fredingsområde i kommunen, og vil oppmoda innbyggjarar og andre aktørar om å fremja konkrete arealinnspel til arbeidet med arealdelen til kommuneplanen, med forslag til andre område godt eigna for freding.
Kommunen har gjennomført ein lokal prosess med dialog med Fiskeridirektoratet, Havforskingsinstituttet, Fiskarlaget og lokale initiativtakarar. Det er gjennomført to folkemøte, og framlegg til høyringsområde har vore på lokal høyring.
Vedtok revidert planprogram for Energiparken
Kommunestyret vedtok revidert planprogram for områderegulering for Energiparken. Ved endeleg vedtak vert fleire planar oppheva. Planen vil også overstyra fleire andre planar.
Revisjonen handlar hovudsakleg om å inkludera heile Energiparken i planområdet, ikkje berre Energiparken Sør. Planen vil planleggja for å realisera næringsareal som tidlegare var skissert nord på Ljøsøyna i detaljregulering Naturgassparken. Næringsareal i heile Energiparken søkjer å byggja opp om infrastrukturen i området, og særskild Northern Lights-anlegget som nyleg tok investeringsavgjerd for fase to av prosjektet.
Meirforbruk
Kommunestyret tok kvartalsrapporten for 1. kvartal 2025 til etterretning. Kommunestyret gjev kommunedirektøren fullmakt til å gjennomføra ytterlegare tiltak for å nå budsjettbalanse i 2025.
Mot 16 røyster vedtok kommunestyret eit tilleggsframlegg frå Høgre, Frp, KrF, Sotralista-TVØ, Pensjonistpartiet og Venstre. Her kan du lesa heile vedtaket. (PDF, 96 kB)
Kostraanalyse
Kommunestyret tok også kostraanalysen for 2024 til orientering og bad om at denne vert lagt til grunn ved arbeidet med innsparingar i drifta. Det er kommunalsjefområdet Finans og økonomi som har utarbeidd ein kostraanalyse basert på data for 2024 for utvalde tenesteområde i Øygarden kommune. Analysen viser at det er størst innsparingspotensiale innan kommunehelseteneste, grunnskule, barnehage og barnevern.
Prinsippsak om forskottering av spelemidlar
Etter lengre debatt vart det vedteke retningsliner for forskottering av spelemidlar slik dei ligg føre i vedlegg til saka.
Frp fremja eit forslag om at Øygarden kommune ikkje skal forskottera spelemidlar. Forslaget fekk 19 røyster og fekk ikkje fleirtal.
Svein Otto Jacobsen (Frp) fekk ikkje fleirtal for forslaget om at kommunen ikkje skal forskottera spelemidlar.Vedtok lokale forskrifter
Levekårsutvalet tilrår tre lokale forskrifter etter ny opplæringslov. Dei tre forskriftene er:
- Forskrift om skulereglar og skuledemokrati for Øygarden kommunale skular
- Forskrift om permisjon frå grunnskuleopplæringa i Øygarden kommunale skular
- Forskrift om hovudmål for Øygarden kommunale skular
På bakgrunn av nye opplysningar i saka, vedtok kommunestyret forskrifta om hovudmål på Øygarden kommunale skular slik ho låg føre med verknad frå 15. mai 2025, med eí endring. Det er at forslaget om endring av hovudmål frå nynorsk til bokmål for Brattholmen skule vert sendt i retur til administrasjonen for ny vurdering.
I forskrifta står dermed tre skular igjen med bokmål som hovudmål. Det er Bjorøy skule, Foldnes skule og Hjelteryggen skule. Dei 16 andre skulane skal ha nynorsk som hovudmål.
Krinsjustering på høyring
Det vart vedteke at vedtaket i punkt 2 i kommunestyret 18. desember 2024 om krinsgrensejustering Misje og Turøy krins til Toftøy skule vert oppheva. Bakgrunnen er at denne krinsjusteringa skulle vore på høyring før vedtaket i desember.
Det vart vedteke å leggja saka om krinsjustering Misje og Turøy krins til Toftøy skule ut på høyring. Høyringsperioden er seks veker.
Tilstandsrapport barnevernstenesta
Kommunestyret tok tilstandsrapporten for 2024 frå Øygarden barnevernsteneste til orientering. I korte trekk har 2024 vore prega av fleire tilsynssaker frå Statsforvaltaren som særleg har vore retta mot meldings- og undersøkingsfasen i ei barnevernssak. Statsforvaltaren har sett krav om å setja i gang eit forbetringsarbeid som vil halda fram inn i 2025.
Barnevernstenesta har ikkje klart å halda budsjettet i 2024 og har i denne tilstandsrapporten prøvd å gje innsikt i samanhengen mellom budsjettavvik og endringar som konsekvens av oppvekstreforma. Satsingsområda er å jobba med forbetring i tråd med utarbeida forbetringsplanar, å følgja opp plan for førebygging av omsorgssvikt og utvikling av åtferdsvanskar og implementera landsbytankesettet.
Står fast på vedtak om Terna barnehage
Øygarden kommunestyre opprettheld sitt vedtak i kommunestyret 4. november 2024 - «Klage på avvising av innbyggarforslag om fortsett drift av Terna barnehage». 2. Saka vert sendt til Statsforvaltaren i Vestland for endeleg avgjerd.
Seier opp samarbeidsavtale
Bergen kommune har i dag vertskommunesamarbeid om samfunnssikkerheit og beredskap med Øygarden og Askøy kommunar. Bergen kommune har vedteke å oppløysa vertskommunesamarbeidet om Samfunnssikkerhetens hus. Kommunestyret vedtok å avslutta dette samarbeidet.
Årsmelding kontrollutvalet
Kommunestyret godkjente årsmelding 2024 for kontrollutvalet i Øygarden kommune.
Tekst og foto: Vigleik Brekke