Vaksenvaksinasjonsprogrammet

Vaksenvaksinasjonsprogrammet er eit tilbod til innbyggjarar i alle landets kommunar om vaksine mot korona og influensa til alle som er 65 år og eldre, samt barn og vaksne i risikogrupper. I tillegg får alle som er fødd i 1960 tilbod om vaksine mot lungebetennelse (pneumokokkvaksine). 

Programmet erstattar det tidlegare influensa- og koronavaksinasjonsprogrammet, og er nasjonalt. 

Målet med programmet er å førebyggje sjukdom og dødsfall. Det vil verte sendt ut påminning til personar over 65 år som ikkje nyttar seg av tilbodet innan 15.november.

Ulike vaksiner

Ill. Pasient får på plaster etter å ha tatt vaksine - Klikk for stort bilete

Kvar kan eg ta vaksine?

  1. Alle fastlegekontora i kommunen tilbyr alle tre vaksiner. 
  2. Fem av apoteka i kommunen tilbyr koronavaksine i avtale med kommunen, dette gjeld
    •    Vitusapotek Sartor Storsenter
    •    Boots apotek Sartor Storsenter (ved Bunnpris)
    •    Ditt apotek i Sund
    •    Apotek1 Sund Senter
    •    Vitusapotek Øygarden
  3. Det vert vaksinasjonsdagar i Skogsvåg i lokala til helsestasjonen på helsehuset torsdag og fredag 23. og 24. oktober mellom klokka 09.00-14.00. Ingen timebestilling. Ventetid må påreknas.

Når kan eg vaksinera meg?

Influensavaksiner vert levert i veke 42 til kommunen, og dei ulike legekontora vil starte vaksinasjon etter dette. Det vil kunne variere frå kontor til kontor om dei tek til i slutten av veke 42 eller frå måndag i veke 43 (20. oktober). 

Apoteka får koronavaksinen frå veke 41. På apotek vil ein også kunne ta influensavaksine, men ikkje i regi av kommunen så pris på influensavaksine vil kunne avvike frå pris til kommunen. Ein vil heller ikkje kunne få redusert eigenandel for samvaksinering på apotek slik ein kan få hos fastlegen eller på vaksinasjonsdagane i Skogsvåg. 

Pris

Pris for vaksinasjonsprogrammet
Type vaksinasjonEigenbetaling
Influensavaksine301
Koronavaksine110
Koronavaksine samvaksinasjon*85
Pneumokokkvaksine110
Pneumokokkvaksine samvaksinasjon*85

*Samvaksinasjon viser til når ein tek fleir enn ei vaksine om gongen, til dømes influensa + koronavaksine, eller andre kombinasjonar av dei tre ulike vaksinane.