Utvidar tilbodet om psykomotorisk fysioterapi

- Vi skal mellom anna hjelpa til at pasienten vert kjend med og forstår smerter. Det seier Siri Jørgensen som frå 1. februar har inngått 100 prosent driftsavtale med Øygarden kommune om psykomotorisk fysioterapi. Fram til 1. september i fjor hadde kommunen 50 driftsavtale på denne typen behandling.

Siri Jørgensen - Klikk for stort bileteSiri Jørgensen

Psykomotorisk fysioterapi rettar seg mot kroppsleg bevisstgjering og endring av spenningsmønster. Eit hovudmål er å verta meir fortruleg med og få auka kontakt med eigen kropp og veremåte. Behandlinga tek tid. 

Vi møter Siri Jørgensen i lokala på Sporty på Skjenet på Straume. Ho var masterutdanna i 2021 og har hatt privat klinikk anna kvar veke med psykomotorisk fysioterapi etter endt arbeidsdag i kommunen sidan 2018. 

- Denne behandlinga handlar om heile kroppen. Smerte, stress, angst, depresjon og traumatiske opplevingar verkar inn på heile kroppen. Vi startar behandlinga med ei kroppsundersøking og stiller spørsmålet om pasienten har ressursar og overskot til å gå inn i behandling. Vi opplever at behandlinga gjev gode resultat, seier Siri Jørgensen.

Mange unge strevar

Det er ikkje nødvendig å få tilvising frå lege for å nytta seg av tilbodet om psykomotorisk fysioterapi, men det er lang venteliste for å dette behandlingstilbodet. Jørgensen seier at ein følgjer prioriteringane til Bergen kommune når det gjeld rett til behandling. Målet er å nå pasientar som har ressursar og overskot til å gå inn i denne innsiktsterapien.

- Det er mange unge som strevar. Barn og unge med høgt lidings- og symptomuttrykk for fare for å falla ut av skulegang og studium har høgast prioritet. Også sjukemelde og omsorgspersonar i belasta familiar med relevant problemstilling som tid dømes traume, smerter og uro har høg prioritering. Dei som lir av dette, skal ha tilbod om vurderingstime i løpet av seks til åtte veker, seier Siri Jørgensen.

Både NAV og fastlegar tilrår gjerne denne behandlinga og ber pasientar sjølv å ta kontakt med psykomotorisk fysioterapeut. Det er viktig at desse har kunnskap om prioriteringar og tilbodet om psykomotorisk fysioterapi. Etterspurnaden er stor. 

- Difor er eg glad for at kommunen prioriterer dette og har utvida driftsavtale om psykomotorisk behandling frå 50 til 100 prosent. Det er behov for dette i ein kommune med 40 tusen innbyggjarar, seier psykomotorisk fysioterapeut Siri Jørgensen.


Tekst og foto: Vigleik Brekke