Kart/skisse: Sotra Link
På nettsida til Sotra Link vert det opplyst at arbeidet med å kopla den nye avkøyringa frå riksvegen til Godviksvingane startar no. Det vert først og fremst trafikken til og frå Askøy som får endra køyremønster.
Dei viktigaste endringane er at Godviksvingene vert stengd for trafikk i begge retningar. Det eksisterande køyremønsteret mot Askøy vert oppretthalde, men med ei viktig endring: kollektivfeltet blir omgjort til eit avkøyringsfelt mot Askøy og vert kopla på dagens trase for Godviksvingene like før terminalen.
Trafikk frå Askøy må, som i dag, ut på riksveg 555 i retning sentrum. Det vil og gjelda bussane, som følgje av at Godviksvingene vert heilt stengt for trafikk.
- Hjelp kvarandre!
Prosjektsjef Lene Sælen Rivenes iStatens Vegvesen håpar trafikantane held fram med å hjelpa kvarandre fram og oppmodar trafikantane spesielt til å hjelpa bussane fram i rundkøyringa ved terminalen.
- Færre bilar på vegen er den einaste løysinga for å unngå køane. Vi oppmodar difor dei som kan til å reisa kollektivt eller samkøyra, reisa på andre tidspunkt eller ta heimekontor dersom det er mogleg, slik at alle kjem seg fram, seier ho.
Trafikken til og frå Øygarden vil gå som vanleg. Fotgjengarar og syklistar kan framleis gå og sykla langs Godviksvingene. Fram til trafikkopning 1. juni 2027 skal heile trafikkløysinga på Storavatnet byggjast om, og køyremønsteret vert endra fleire gonger.