Utlegging av manntal for offentleg ettersynLytt til tekstenStopp avspillingManntalet sikrar at berre dei som har stemmerett får stemma, og at ingen får stemma meir enn éin gong.Manntalslistene finn du frå 15. juli til 8. september på rådhuset, og innbyggartorga/biblioteka på Sartor Storsenter. Rong Senter og Sund Senter frå 1. august.Der kan du sjekka om du er ført inn i manntalet.Bur du i Noreg, vert du automatisk registrert i manntalet i kommunen du er folkeregistrert 30. juni. For å stemma ved stortingsvalet må du vera registrert i manntalet.Har du flytta til ein annan kommune og Folkeregisteret ikkje har fått melding innan 30. juni, står du framleis i manntalet i den gamle kommunen. Du kan då stemma på valdagen i den gamle kommunen eller førehandsstemma i Øygarden.For å stemma ved sametingsvalet må du vera same og registrert i Sametinget sitt valmanntal.Ved feil i manntalet kan du klaga til valstyret i kommunen. Klagen må vera skriftleg og grunngjeven. Valstyret rettar feil fram til valdagen.Illustrasjonsbilete: Valg.no Sist endra 14.07.2025 13.29