Brutårna til den nye hovudbrua.Ordføraren skulle gjerne sett at sambandet opna som planlagt 1. juni 2027. Han er likevel trygg på at alle gjer det dei kan innanfor tryggleik og kvalitet for sikra framdrifta slik at sambandet kan opnast så raskt som mogleg.
- I eit så stort og komplekst prosjekt vil det alltid ver faktorar som gjer at ein ikkje klarer å halda den fremdrifta som var planlagt, seier ordføraren.
Statens vegvesen opplyser at arbeidet med brutårna til den nye hovudbrua har tatt lengre tid enn planlagt. Sotra Link Construction har sett inn tiltak for å ta inn forseinkinga, men opplyser at prosjektet ikkje rekk planlagd opningsdato 1. juni 2027.
I følgje Sotra Link Construction er den nye datoen avhengig av akselerasjonstiltaka og at det ikkje oppstår fleire utfordringar.
- Vi veit at mange har sett fram til opning i juni 2027 og vi beklagar forseinkinga, seier prosjektsjef Lene Sælen Rivenes i Statens vegvesen.
I følgje Sotra Link Construction er forseinkinga relatert til Drotningsvik-området. Hovudårsaka er utfordrande grunntilhøve som har gjort det nødvendig å fjerna meir stein enn planlagd.
Brutårna vart ferdig støypte 3. desember 2025, og i februar i år startar arbeidet med kablane. Hovudkabel skal på plass, og deretter skal hengestenger til brukassane monterast i kabelen før dei kan heisast opp i hengestengene.
Les meir på nettsida til Sotra Link.
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Bjarte Ågotnes Olsen, Statens vegvesen