Uroa over forslag til kutt i Helse og velferd
Eldrerådet drøfta tysdag saka om kortsiktige tiltak der det ligg forslag frå kommunedirektøren om å spara 73,3 millionar kroner i 2025. Rådet vedtok ein uttale der fem konkrete tiltak må skjermast dersom det vert gjennomført innsparingar innan Helse og velferd.
Frå venstre: Egil Haaland, Berit Anita Knudtsen Larsen og Sverre Bungum.I framlegget frå kommunedirektøren er det føreslått ei innsparing innan Helse og velferd på 10,9 millionar kroner i 2025.
Med seks røyster vedtok eldrerådet eit framlegg frå leiar Egil Haaland der det vert vist til to uttalar frå Sverre Bungum og Egil Haaland. Dersom det skal gjennomførast kutt innan Helse og velferd, ønskjer eldrerådet at følgjande område vert skjerma:
- Eigenbetaling for tryggleiksalarmar (skal ikkje innførast)
- Aktivitet i delsentera vert oppretthalde i størst mogleg grad
- Eigenbetaling for transport dagsenter (skal ikkje innførast)
- Musikkterapeutane på sjukeheimane vert oppretthaldne
- Avvikling av aksjonssenteret skal ikkje gjennomførast
- MOT for ungdomsskulen skal oppretthaldast også frå hausten 2025.
I tillegg går eldrerådet inn for ei alternativ organisering der musikkterapeutane vert samla under kulturskulen og at fysioterapeutane vert organiserte gjennom eining for helse, meistring og rehabilitering.
Øyvind Strandheim støtta eit framlegg frå Sverre Bungum om at det ikkje skal reduserast noko som helst innan kommunalsjefområdet Helse og velferd. Dette framlegget fekk dermed to røyster.
Her er uttalane frå Sverre Bungum (PDF, 91 kB), Egil Haaland (PDF, 96 kB) og Berit Anita Knudtsen Larsen (PDF, 76 kB) som ligg ved saka.
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.
Tekst og foto: Vigleik Brekke
Publisert 25.03.2025 14.59