Dagleg leiar i Turbuss Bergen, Kristin Andersen, tok imot miljøfyrtårnsertifikatet frå ordførar Tom Georg IndrevikMiljøfyrtårn er eit verktøy for sertifisering og miljøleiing som skal hjelpa bedrifter til å lukkast med den grøne omstillinga. Etter at bedriftene har dokumentert at dei kan få status som Miljøfyrtårn, er det klart for utdeling.
Turbuss Bergen har rundt 20 tilsette og har ein årleg omsetnad på rundt 30 millionar kroner (2023). Bransjen er sesongprega, og på denne tida er aktiviteten noko mindre enn under høgsesongen vår, sommar og tidleg haust.
- Dei viktigaste kundane er bedrifter, idrettslag, turistar, skular og barnehagar. Vi opplever at kundane, særleg turistane, er villige til å betala meir for høgare kvalitet. Generelt har det vore eit løft for reiselivsbransjen i Noreg dei siste åra, seier dagleg leiar Kristin Andersen.
For Turbuss Bergen er det summen av fleire tiltak som gjer at bedrifta er blitt miljøsertifisert.
- Vi legg vekt på god logistikk, så lite tomgangskøyring som mogleg og redusert tomkøyring. Dette reduserer utsleppet.
Vi kjeldesorterer og nyttar store leverandørar av bussar som har dei nødvendige sertifiseringar, seier Øyvind Andersen.
Ordførar Tom Georg Indrevik håpar at så mange bedrifter som mogleg sikrar seg miljøfyrtårnsertifikat.
- Dette bidreg til at bedriftene i Øygarden reduserer miljøfotavtrykket. Kundane etterspør firma som er sertifiserte. For oss er det viktig at vi fokuserer på dette, seier ordføraren.
Tekst og foto: Vigleik Brekke