Treff+ Moteshow: Nytt og gjenbruk hand i hand

Det var duka for moteshow på Sartor Storsenter fredag 9. mai. 12 festkledde mannekengar viste fram vår- og sommarmote for godt vaksne. Med mykje stil og mange smil var dette ein fin oppvarming til 17. mai.

Frå moteshowet på Sartor Storsenter fredag. - Klikk for stort bileteFrå moteshowet på Sartor Storsenter fredag.

Styreleiar i Treff+, Berit Anita Knudtsen Larsen, ønskte alle frammøte velkomen.

- Det betyr så mykje at vi alle kan samlast på denne måten. Det er så kjekt å få vera med  å lage i stand kjekke møteplassar med  ulike aktivitetar til våre seniorar i heile kommunen. Vi er kanskje litt vel travle nokon gonger, men det er eit luksusproblem! sa ho.

Lia Strohmeier (Match) og Kari Waage (Lindex) sit begge i styret i Treff+. Lia var konferansier og kunne fortelja kva mannekengane viste fram og ulike bruksområde og kombinasjon av plagg. Kari organiserte mannekengane som var lina opp to og to. Stian Hartvigsen stod for lyd og musikk. 

Frå showet - Klikk for stort bilete

Treff+ hadde på førehand lova at om nokon i publikum hadde 80-års dag 8. mai, så ville vedkomande  få ei gåve. Det viste seg at det var ein fersk «ungdom» i salen, som fekk ein flott mai blomsteroppsats frå Treff+ styret. Moteshowet avslutta med at nærmare 200 frammøtte song bursdagssongen for jubilanten.

Alle mannekengane fekk ei lita merksemd frå styret som takk for innsatsen og for at dei stiller opp gong på gong. Takk til alle frammøte og butikkane: Lindex; Match, Instinct, INIstyle, VIC, NMS Gjenbruk Sotra!

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete



Tekst og foto: Unni Sørensen