Tovegstrafikk i Bildøyvegen
I samband med arbeid langs Bildøybakken, vert det mogleg å køyra ut på riksveg 555 frå Bildøyvegen mot aust.
Krysset Bildøyvegen/riksveg 555Fram til no har det vore mogleg å køyra inn på Bildøyvegen frå riksvegen, men ikkje mogleg å køyra inn på riksvegen frå Bildøyvegen. No vert det altså lov å køyra ut frå Bildøyvegen i retning Bergen/Straume. Det vert inga endring for innkøyring til Bildøyvegen.
Merk at det er stop-skilt ved utkøyring i riksvegen. Det inneber at du både har vikeplikt og at bilen skal stå heilt i ro før du køyrer ut i riksvegen.
Det er i samband med komande sprengingsarbeid at det frå veke åtte (16. februar) vert etablert mellombelse trafikktiltak i øvre del av Bildøybakken og i Bildøyvegen. Montering av trafikktiltak startar fredag 13. februar frå kl. 09.00, og sjølve anleggsarbeidet har oppstart mandag 16. februar kl. 07.00.
I øvre del av Bildøybakken vert vegen innsnevra til eín køyrebane ved bruk av betongelement. Trafikken vert regulert med trafikklys.
Tiltaka varer fram til påske.
Les meir på nettsida til Sotra Link.
Publisert 16.02.2026 11.36