Frå møtet i RFF på onsdagI tilrådinga understrekar rådet at det er viktig å involvera dei som arbeider ved sjukeheimane i den vidare prosessen når ein skal vurdera den samla kjøkkenstrukturen i Øygarden kommune. Det må gjerast etter kvart som arbeidet med den nye sjukeheimen er sluttført.
I dag er kjøkkendrifta organisert med fleire produksjonskjøken på dei enkelte institusjonane. Kjøkenet på Fjell sjukeheim produserer til bebuarane sine og produserer i tillegg middag til Øygarden lokalmedisinske senter og Straume bu- og servicesenter.
I saka skriv kommunedirektøren at finansiering av storkjøken vil inngå som del av den samla investeringsramma for prosjektet ny sjukeheim. Kostnaden med storkjøken i ny sjukeheim Straume er rekna til om lag 40 millionar kroner. Dette er lagt inn i totalkostnaden på prosjektet på 755 millionar kroner.
Saka vert avgjort av kommunestyret.
Tilrår namn på ungdomsskule
Med rådsleiar Lisbeth Hjortland si dobbeltrøyst tilrår RFF at namnet på den nye skulen på Bildøyna skal få namnet Bildøy ungdomsskule. Mindretalet røysta for at skulen skal heita Fjell ungdomsskule. Ungdomsrådet har tilrådd at skulen skal heita Bildøyna ungdomsskule.
Namnesaka skal leggjast ut på høyring før det vert gjort endeleg vedtak.
Drøfta handlingsplan
I drøftinga av handlingsplanen for RFF vart det vedteke å leggja inn «beredskap» som eit nytt kulepunkt i overordna fokusområde.
Elles ønskjer rådet at prosjektleiar kjem til rådet og orienterer om planane og bygging av ny ungdomsskule på Bildøyna.
Ønskjer å synleggjera arbeidet til RFF
Rådet opplever at det er krevjande å gjera RFF kjent for folk i kommunen. I drøftinga kom det fram fleire forslag som kan bidra til å gjera arbeidet betre kjent.
Rådet valde tre medlemer som, saman med kommunikasjonssjefen, utarbeider forslag til tiltak som kan gjera arbeidet til RFF meir kjent for folk flest. Dei tre frå rådet som vert med i arbeidsgruppa er Stine Waagbø Lillebø, Christian Daae-Hansen og Renate Toft.
Barnehageopptak
Rådet tilrår å vidareføra dagens ordning med eitt hovudopptak, med løpande opptak ved ledige plassar i kommunale barnehagar resten av året. I tilrådinga vert kommunedirektøren beden om å halda fram med å utvikla oversikta på heimesida til kommunen, slik at ho viser tilgjengelege barnehageplassar.
Elles tok RFF saka om innspel til strategiplan for klima og energi til orientering.
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.
Tekst og bilete: Vigleik Brekke