Frå møtet i kommuneplanutvalet 21. sepemberI tilrådinga seier utvalet at ein må sikra ein open og god demokratisk prosess der alle vert behandla på likt grunnlag. Ny høyringsperiode vert planlagt gjennomført tidleg i 2027.
I tilrådinga til kommunestyret, som behandlar saka 23. september, er det tilrådd at kommunestyret legg framlegg til arealdelen til kommuneplanen for Øygarden kommune 2027-2039 på høyring og offentleg ettersyn i seks veker.
Høyringsperioden vert sett frå 1. oktober til 12. november.
Kommuneplanutvalet følgjer elles innstillinga frå kommunedirektøren med nokre tillegg. Dette gjeld mellom anna at dei tre gamle kommuneplanane for Fjell, Sund og Øygarden gjeld inntil ny plan er vedteken. Det er også lagt inn to ekstra punkt knytt til kva mindre justeringar kommunedirektøren kan gjera fram mot høyringa. Det er også lagt til eit nytt punkt (punkt 9) om kva administrasjonen vert beden om å gjera i høyringsperioden og fram mot den andre høyringa.
Her kan du lesa heile tilrådinga. (PDF, 72 kB)
Kommuneplanutvalet gjekk i møtet gjennom endringsforslaga frå Høgre, Frp, KrF, Sotralista-TVØ og Venstre til både føresegnene og plankartet i framlegg til arealdel for kommuneplanen. Endringsforslaga vert lagt ved saka som eige vedlegg.
Eit utsetjingsforslag frå Sotralista-TVØ om at arealdelen til kommuneplanen for Øygarden kommune 2027-2039 førebels ikkje vert lagt ut på høyring og offentleg ettersyn, fekk tre røyster (Sotralista-TVØ, Ap og INP) og fall.
Kommunestyret behandlar saka den 23. september.
Den første samla arealplanen
Dette vert den første samlande arealdelen for Øygarden kommune. Planen fastset hovudstrukturen for bruk, vern og utvikling av areala i kommunen.
Her er nyttige lenkjer til planen.
Arealdelen er samansett av tre hovuddokument; plankart, føresegner og planskildring.
Planen har eit perspektiv på kva arealbruk vi har dei neste åra, men samstundes viser han dei langsiktige utviklingsstrukturane i kommunen fram mot 2050. Dette er den første felles arealdelen for den nye kommunen med like føringar og føreseieleg arealbruk for heile kommunen.
Det er kome inn 1 741 innspel. Mange handla om endra arealbruk. Det er kome om lag 10 innspel med forslag til forbetring av føresegner. Det er 100 innspel om å ta vare på verdiar.
Tekst og foto: Vigleik Brekke