Arkivfoto. Frå møetet i kommunestyret 21. oktober i år.Under avrøystinga røysta to medlemer (Sotralista – TVØ og SV) primært for framleis å ha 45 medlemer, medan tre medlemer Frp, SV (sekundært) og Sotralista-TVØ (sekundært) røysta for 39 medlemer i kommunestyret. Fleirtalet på åtte medlemer (Høgre, Ap, KrF og INP) går inn for at det skal vera 35 medlemer i kommunestyret i neste valperiode.
Det vart opplyst at Høgre vil stilla representantane sine fritt når kommunestyret den 11. desember skal avgjera saka.
Kommunedirektøren hadde føreslått at talet på medlemer i kommunestyret vert redusert frå 45 til 27 medlemer. Dette går også fram av forslaget til økonomiplan 2026-2029.
Sidan 2019 har det vore 45 medlemer i kommunestyret. Minimumskravet for kommunar med om lag 40 tusen innbyggjarar er 27 medlemer. Kommunestyret må sjølv vedta endring av medlemstalet innan utgangen av desember nest siste år av valperioden.
Jonas Aleksander Foldnes (SV) røysta saman med Sotralista - TVØ primært for 45 representantar i kommunestyret neste valperiode.Sal av areal i Skogsskiftet
Formannskapet tilrår at ein parsell i Skogsskiftet som i hovudsak er sett av med sentrumsformål i gjeldande arealdel til kommuneplanen, vert lagt ut for sal på den opne marknaden.
Høyringsuttalar til budsjett og økonomiplan
Uttalane til budsjett 2026 og økonomiplan 2026-2029 vart presentert i møtet. Formannskapet tok innkomne høyringsuttalar til budsjett og økonomiplan til orientering.
Budsjettet vert vedteke av kommunestyret torsdag 11. desember.
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.
Tekst og foto: Vigleik Brekke