Frå møtet i levekårsutvalet onsdag. På talarstolen Espen Cornell Jacobsen (Ap). Vidare frå venstre; kommunalsjef for Oppvekst Marius Sylta og leiar i utvalet, Ernst Einarsen (H). Biletet er frå drøftinga om ny skule på vestsida.Levekårsutvalet var samla til møte onsdag ettermiddag.
Med dette alternativet (tre) vil opningstida i ferietida vera mellom klokka 07.30 og 16.00.
Etter framlegg frå utvalsleiar Ernst Einarsen (H) vart det tilrådd at administrasjonen etter sommaren kjem tilbake med evaluering av ferie-SFO.
Saka vert avgjort av kommunestyret.
Tilrår samarbeid med Bergen kommune om barnevernsvakt
Levekårsutvalet sluttar seg til innstillinga frå kommunedirektøren om å etablera samarbeid med Bergen kommune om barnevernsvakt så snart som mogleg. Kommunedirektøren får fullmakt til å forhandla og inngå avtalen, og til å leggja til rette nødvendige rutinar for samarbeidet.
Det vert tilrådd at meirkostnaden og eventuelle budsjettjusteringar skal førast inn i samband med behandling av andre kvartalsrapport.
I saka er det også vurdert vertskommunesamarbeid med Askøy. Dette er ei justering av dagens barnevernsvaktordning. Dette alternativet vert av kommunedirektøren vurdert til å vera sårbart fordi barnevernsleiaren må forvalta mynde i to kommunar kveld, natt og helg. I tillegg vert tilbodet frå Askøy vurdert å vera meir sårbart ved eventuelt fråvær som sjukdom eller ved ferieavvikling.
Akuttberedskap i barnevernet er ei lovpålagt oppgåve og gjeld barn som treng hjelp raskt utanfor ordinær arbeidstid mellom kl. 08.00 -15.30. Erfaringa viser at det er vanskeleg å kombinera planlagt og strukturert arbeid samtidig med akuttarbeid. Slik situasjonen er pr. no i barneverntenesta, er det behov for større kapasitet i det kontinuerleg og systematiske arbeidet som i hovudsak skal skje i ordinær arbeidstid.
Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.
Føreslår å endra opningstid under fotball-VM
Regjeringa opnar for at kommunar, som ønskjer det, kan få skjenka alkohol seint om natta med det går føre seg fotballkampar i USA, Canada og Mexico i juni/juli.
Utvalet tilrår med 10 røyster at skjenketida i kommunen vert endra i samsvar med endringsframlegget frå Helse- og omsorgsdepartementet og med atterhald om eit positivt vedtak i Stortinget. Endringsforslaget skal leggast ut på høyring i to veker, før saka skal til sluttbehandling i kommunestyret 7. mai.
KrF sin representant i utvalet røysta for ei alternativ tilråding om at kommunen ikkje ønskjer å endra gjeldande alkoholpolitisk handlingsplan og tilhøyrande lokale forskrift når det gjeld lovendringsforslaget for fotball-VM 2026.
Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.
Sals- og skjenkeløyve
Levekårsutvalet tok oversikt over sals- og skjenkeløyve i Øygarden kommune, og utførte kontrollar i 2025, til orientering.
Ved utgangen av 2025 hadde Øygarden kommune 22 salsløyve og 21 skjenkeløyve, og det vart halde totalt 130 kontrollar. Samla tal kontrollar for Øygarden kommune etter krav i alkohollova § 1-9, er omlag 129. Det er vidare tildelt 69 skjenkeløyve for enkeltståande arrangement, og blant desse er det halde seks kontrollar.
Ernst Einarsen (H) og Helge Nilsen (KrF) stod på kvar si side i spørsmålet om skjenking under fotball-VM.Drøfta ny skule på vestsida
Etter ei drøfting tok LKU saka om avklaringar om ny skule på Skålvika til orientering. Plan- og miljøutvalet skal ta stilling til saka på møtet torsdag denne veka.
I saka tilrår kommunedirektøren at den nye skulen vert dimensjonert for 150 elevar og at det vert bygd idrettshall tilsvarande volleyballhall.
Det er komne inn fleire innspel om å byggja ein idrettshall i handballbanestorleik. Ei kostnadsvurdering viser at prosjektet ligg over den økonomiske ramma, og økonomi vil difor vera avgjerande i det vidare arbeidet. Dersom det vert lagt føringar utover økonomiske rammer, må saka behandlast i formannskapet og kommunestyret før utlysing.
Namnet på den nye skulen er ikkje endeleg avklart. Endeleg namneval vert lagt fram for behandling i neste møte i namneutvalet.
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.
Tekst og foto: Vigleik Brekke