Utvalsleiar Ernst Einarsen (H, på kne) i samtale med mindretalspartia i ein pause i saka om robustbustader. Frå venstre; Terje Strandtun (Sp), Sølvi Kobbeltvedt (Sp), Hege Renathe Glesnes (INP) og Geir Knarvik Fjeldstad (Ap).Kommunedirektøren hadde føreslått å arbeida vidare med åtte forskjellige tomter. Levekårsutvalet drøfta saka på onsdag, og etter framlegg frå Høgre, Frp, Sotralista-TVØ, KrF og Venstre vart det samrøystes tilrådd å arbeida vidare med følgjande tomter:
- Medarseta, gbnr. 238/620: Maks 1 bustad
- Gamle Kårtveit skuletomt, gbnr. 21/5: Inntil 2 bustadar, mellombels
- Haggardsvatnet, gbnr. 27/142: Inntil 2 bustader
- Krossleitet, gbnr. 56/35: Inntil 2 bustader
Følgjande tomter kan vurderast dersom det ikkje er mogeleg med etablering på dei fire førstnemnde stadene:
- Klokkarvik, gbnr. 105/138: Maks 1 bustad
- Rong ferjekai, gbnr. 238/170: Inntil 2 bustadar, mellombesls
I tilrådingar heiter det vidare at etablering av robustbustader føreset kontinuerleg oppfølging og tilsyn. Kommunedirektøren skal koma tilbake med sak hausten 2025 som tek stilling til behovet for å skaffa ytterlegare fire robustbustader. Dersom det er eit slikt behov, skal det i same saka avklarast om det er fleire tomter i kommunen som kan vera aktuelle for desse.
I saksutgreiinga understrekar kommunedirektøren at innbyggardialog og involvering er avgjerande for å få til ein god prosess i arbeidet med å lokalisera og etablera bustadene.
Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.
Førebyggjande arbeid for barn og unge
Levekårsutvalet tilrår plan for førebygging av omsorgssvikt og utvikling av åtferdsvanskar for Øygarden kommune 2025 – 2029 slik han ligg føre.
Det var fremja tre forslag om tilleggspunkt.
Sotralista fekk tilslutnad til at planen i tillegg bør omtala korleis ein skal kartleggja risikoutsette foreldre til dei minste barna. For å møta endringane i ungdomskriminaliteten, må det lagast rutinar for rapportering, om dei endringane som skjer på dette området slik at innsatsen kan setjast inn der det er mest krevjande. Planen må også har fokus på vald utført av born mot vaksne og, kva rutinar skal følgjast i slike høve .
Høgre fekk støtte for eit punkt om at innsatspunkta i handlingsplanen må formulerast slik at det i undervegs og i ettertid er mogeleg å måla resultat av tiltaka.
Frp føreslo å ta vekk følgjande kulepunkt under 7.2 som omhandlar kva ein skal ta omsyn til når det gjeld arbeidet med å styrkja foreldrerolla: «familien sin kulturelle, språklege og religiøse bakgrunn». Dei andre partia røysta imot å ta vekk dette kulepunktet.
I saka skriv kommunedirektøren at den førebyggande planen er eit grep som skal bidra til å realisera måla i den pågåande barnevernsreforma. Reforma handlar om å leggja til rette for at tenestene i større grad skal kunna oppdaga barn i risiko, gje rett, tilstrekkeleg og tidleg nok hjelp, slik at utfordringane ikkje krev tyngre tiltak.
Ny høyring for lokal forskrift for skulefritidsordning
Forskrift for skulefritidsordning for grunnskulen i Øygarden var i utgangspunktet klar for vedtak. Men som ein konsekvens av at det låg føre nye endringar etter høyring, vedtok levekårsutvalet at ny forskrift “Forskrift om skulefritidsordning for grunnskular i Øygarden kommune” vert lagt ut på offentleg høyring på nytt. Høyringsperioden er sett til seks veker med frist til 15. mars 2025.
Kontrollar av sals- og skjenkeløyve
Levekårsutvalet tok oversikt over sals- og skjenkeløyve i Øygarden kommune, og utførte kontrollar i 2024, til orientering.
Tekst og fotoo: Vigleik Brekke