Tidlegare ordførar Torolv Morlandstø er død

Mangeårig kommunepolitikar i Fjell, Torolv Morlandstø, er død, nær 88 år gamal. Morlandstø representerte Kristeleg Folkeparti og var kommunestyremedlem og medlem av formannskapet i fleire periodar. Han var ordførar i 1980 og 1981.

Torolv Morlandstø - Klikk for stort bileteTorolv Morlandstø 1938-2026

- Torolv Morlandstø var ein tydeleg politikar som sette seg klare mål, seier ordførar Tom Georg Indrevik.

Torolv Morlandstø fekk gjennom sitt politiske engasjement vera med og utvikla ein kommune i sterk vekst. Etter at Sotrabrua vart teken i bruk i desember 1971, opplevde Fjell kommune ein kraftig folkevekst, og mange ville busetja seg vest om den nye brua.

På denne tida var det sterk industriell vekst på Ågotnes, og Straume utvikla seg sterkt som handlesentrum. Det var også starten på ei framtidsretta utvikling av helse- og omsorgstilbodet i Straume-området og fleire skuleutbyggingar. Denne utviklinga var Torolv Morlandstø med og utforma som sentral politikar.

- Ei av sakene Torolv Morlandstø kjempa for var å sikra tomt og tilrettelegging for ny bibelskule på Søre Bildøyna, seier Tom Georg Indrevik.

Torolv Morlandstø vert gravlagd frå Fjell kyrkje 5. november kl. 13. 


Tekst : Vigleik Brekke
Foto: Øygarden kommune