Takka for arbeidet med flyktningmottak

Tysdag denne veka vart det siste møtet i ukrainaprosjektet gjennomført. Kommunedirektør Johnny Breivik deltok på møtet og sa at prosjektgruppa har utført ei krevjande oppgåve på ein veldig god måte. I løpet av desse tre åra busette Øygarden kommune 613 flyktningar. 520 av desse kom frå Ukraina.

Frå venstre; Kristoffer Møvik, Julia Valeska Woehlert, Cecilia Byrknes, Liv Hege Pedersen, Nina Håvik Pettersen, Therese Helgesen, Nina Andersen, Bjørg Møllerløkken, Monica Pedersen, Kirsten Syljeset og Vigleik Brekke - Klikk for stort bileteProsjektgruppa. Frå venstre; Kristoffer Møvik, Julia Valeska Woehlert, Cecilia Byrknes, Liv Hege Pedersen, Nina Håvik Pettersen, Therese Helgesen, Nina Andersen, Bjørg Møllerløkken, Monica Pedersen, Kirsten Syljeset og Vigleik Brekke

Det skjedde fort då Ukraina den 24. februar 2022 vart angripen av Russland med fullskala krig. Tidleg i mars kom dei første flyktningane til Øygarden, Anna og dottera Yana.

På bakgrunn av mange usikre moment om mottak av flyktningar frå Ukraina, konkluderte kommunedirektøren med å organisera arbeidet som eit eige prosjekt. Busetjing av flyktningar frå andre land skulle framleis handterast av NAV.
Målet for prosjektet har vore å utvikla eit hurtigspor for effektiv busetjing av flyktningar og sikra at dei som vart busette kom raskt i jobb og integrert gjennom arbeid.

- Det var nok mest krevjande i starten. Det er naturleg når oppgåver vert tekne ut frå drifta og handtert i eit tverrfagleg prosjekt. Ting har gått seg til, og det er funne gode løysingar etter kvart. Det hadde vore mykje meir krevjande å gjennomført dette i ordinære linje. Tusen takk for jobben og takk til dei som har arbeidd med dette ute i felten i barnehage, skule og helse! sa kommunedirektøren og viste til at det politiske nivået har vore svært godt nøgd med arbeidet som er gjort i prosjektet.

Også kommunalsjef for Helse og velferd, Line Barmen takka for jobben. 

- Denne tverrfaglege måten å arbeida på har vore ein suksess. Det er utruleg kjekt å høyra korleis det har gått til. Det har vore krevjande periodar, men vi har kome i hamn, sa ho.

Frå 1. mars vert busetjing av alle flyktningar lagt inn under lærings- og integreringssenteret leia av Nina Håvik Pettersen.

ektør Johnny Brevik takka prosjektgruppa for jobben på det siste møtet på tysdag - Klikk for stort bileteKommunedirektør Johnny Brevik takka prosjektgruppa for jobben på det siste møtet på tysdag.

Skaffa mange bustader

Øygarden bustadforvaltning KF har vore ein sentral samarbeidspartnar med Ukrainaprosjektet og har skaffa fram bustader til flyktningane kommunen har teke i mot. Dette har kommunen makta ved å ta i bruk eigne bustader og ved å leiga husvære i den private utleigemarknaden. I dette arbeidet har prosjektet fått god hjelp frå to-tre innleigde pensjonistar. Bustadforvaltninga har leigd om lag 130 bustader gjennom prosjektperioden.

Monica Pedersen har vore prosjektleiar for Ukrainaprosjektet. Nære medarbeidarar har vore rådgjevar Kristoffer Møvik, prosjektmedarbeidar Tetyana Omelyanyuk og prosjektmedarbeidar Kirsten Syljeset. 

Prosjektgruppa har elles vore samansett av Therese Helgesen (rus og psykisk helse), Liv Hege Pedersen (BUFT), Nina Andersen (NAV), Nina Håvik Pettersen (Øygarden vaksenopplæring), Cecilia Byrknes (Oppvekst), Bjørg Møllerløkken (kommuneoverlegen), Kenneth Sangolt (service, til og med juli 2024), Julia Valeska Woehlert (kultur) og Vigleik Brekke (kommunikasjon).

Monica Pedersen takka alle som deltok i prosjektgruppa og for godt samarbeid.

- Engelskkunnskapen var ikkje så god blant ukrainarane som vi trudde, og det har vore ei utfordring å få dei ut i arbeid. Likevel har NAV fått mange ut i jobb. Det har vore utruleg kjekt å vera med i dette prosjektet. Etter litt utfordringar i starten, fann vi ut av dette. Eg vil også retta ei stor takk til Kristoffer, Tetyana og Kirsten, sa prosjektleiaren.

I rapporten går det fram at ukrainaprosjektet har oppnådd å sikra ei effektiv busetjing og resultat tett oppunder oppmodinga frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) og vedtaka i kommunestyret. I løpet av prosjektperioden er det busett 520 flyktningar frå Ukraina. 93 av desse har reist vidare til andre kommunar, andre land eller tilbake til Ukraina.

Ukrainaprosjektet fekk med verknad frå september 2023 utvida mandatet knytt til ekstratilskot og helseutfordringar. Det er sidan den tid sendt inn nær 10 søknader til IMDi om ekstratilskot grunna helsesituasjon, der alle søknadene har blitt innvilga (IMDi: Integrerings- og mangfaldsdirektoratet).

eidd tett saman i prosjektet i tre år. Frå venstre; Kristoffer Møvik, Monica Pedersen og Tetyana Omelyanyuk - Klikk for stort bileteDesse tre har arbeidd tett saman i prosjektet i tre år. Frå venstre; Kristoffer Møvik, Monica Pedersen og Tetyana Omelyanyuk . Prosjektmedarbeidar Kirsten Syljeset var ikkje til stades på det siste møtet i prosjektgruppa.

Jobbmesser og samarbeid med Vest Næringsråd

Erfaringa i Øygarden og i landet elles er at berre eín av ti meistrar engelsk på ein god måte. Det er NAV som gjev introduksjonsprogram og følgjer opp deltakarane mot arbeid. Prosjektet har i liten grad følgt opp einskildpersonar til jobb. Det er likevel arbeidd på systemnivå, og i samarbeid med Vest Næringsråd og NAV er det gjennomført fire jobbmesser for flyktningar der det har vore oppmøte på rundt 100 kvar gong. Prosjektet har også delteke på to av Vest næringsråd sine medlemsmøte for å orientera om prosjektet og behov for arbeid til dei kommunen har busett.

Mot slutten av 2024 viser tal at NAV kan vise til gode resultat når det gjeld å få ukrainarane ut i jobb med nærare 70 prosent i jobb etter avslutta i introduksjonsprogram i 2024.

Her kan du lesa heile rapporten. (PDF, 576 kB)

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke