Svært kritisk til postutvalet

Eldrerådet er svært kritisk til rapporten postutvalet har lagt fram. På møtet i rådet på torsdag vart alle dei framlagde forslaga til uttale vedtekne samrøystes. I eitt av forslaga heiter det at mange av forslaga frå postutvalet vil setja samfunnet i revers.

Frå møtet i eldrerådet 20. februar - Klikk for stort bileteFrå møtet i eldrerådet 20. februar

Postutvalet, som vart oppnemnd av regjeringa, føreslår mellom anna at brev skal leverast til betente postpunkt, som til dømes post i butikk, i staden for direkte til postkassen. Dei som har behov for det, skal kunna få breva levert i postkassen ein gong i veka. Rapporten peikar på at digitaliseringa har ført til ein kraftig nedgang i talet på brev som blir sendt, noko som gjer det nødvendig å endra måten posttenestene blir organisert på.

På møtet sa Sverre Bungum at hovudtanken frå postutvalet må kort og godt avvisast kontant. Han meinte at dette vil føra til ein større utanforskap for mange grupper.

Etter forslag frå leiar i eldrerådet, Egil Haaland, vart det vedteke å senda over alle forslaga saman med ein uttale frå Pensjonistforbundet Sund.

Her kan du lesa fleire av fråsegna som vart presentert i møtet og følgjer saka:

Positiv til burettslagsmodellen

Eldrerådet behandla også prinsippsak om bygging av omsorgsbustader i samarbeid med private aktørar. Rådet støtta kommunedirektøren i at det skal leggjast fram revidert behovsanalyse for helse og velferd våren 2025. 
Men eldrerådet følgde ikkje kommunedirektøren i at det skal førebuast kunngjering av ein konkurranse for bygging av omsorgsbustadar for personar med heildøgns omsorgsteneste.

Eldrerådet slutta seg til eit forslag om tilråding til kommunestyret frå Jan Utkilen om at bygging av omsorgsbustader inkludert trinn tre i bustadtrappa skal stetta krava om heildøgns omsorgsplassar. Bustadane skal ha livsløpsstandard med tilgang til fellesfunksjonar og tilgjengeleg areal for fast bemanning tilknytt bustadene. Det skal vera mogleg med fleksibel nytte på ulike omsorgsnivå. Kommunen skal nytta seg av tilvisingsavtaler.

Eldrerådet er delt i synet på bruk av burettslagsmodellen. 

Eit fleirtal slutta seg til eit forslag frå Egil Haaland om at burettslagsmodellen kan gje den lågaste kostnaden for bebuarane, både anskaffing og drift. Eldrerådet ber om at denne modellen vert utgreidd nærare, eventuelt med krav om depositum for å sikra mot tomgangsleige. Eldrerådet ber vidare om at det vert vurdert om det er mogleg for par å flytta inn, sjølv om berre den eine har vedtak om omsorgsbustad. Dersom vedkomande utan vedtak kan halda fram å bu i husværet om vedkomande med vedtak fell frå, vil det kunna gjera slike husvære meir attraktive å kjøpa.  

Mindretalet støtta forslag frå Jan Utkilen om at kommunen ikkje vil tilrå kjøp av omsorgsbustad i burettslagsmodellen til denne målgruppa. 

Eldrerådet støtta resten av Utkilens forslag der det heiter at kommunestyret ber kommunedirektøren førebu kunngjering av ein konkurranse for bygging av to prosjekt med omsorgsbustadar for personar med vedtak om heildøgns omsorgstenester. Prosjekta skal fortrinnsvis gjennomførast i samarbeid med private aktørar. Prosjektet skal realiserast i tilknyting til delsentera.

Prosjekta skal fylla vilkår for investeringstilskot, og realiserast i 2029/2030. Det skal fremjast ei sak juni 2025 som skildrar korleis ei slik anskaffing kan gjennomførast.

Det vert bedd om å arbeida vidare med å realisera  fleire tryggleiksbustadar/kommunalt disponerte bustader i trinn 1 og 2 i bustadtrappa oppført av privat aktør,  og at det vert fremja sak i løpet av året. 

Eldrerådet støtta også eit framlegg frå Sverre Bungum om at eldrerådet finn saksutgreiing grundig og informativ. På generelt grunnlag har eldrerådet to merknader:

  • Utgreiinga vurderer dei økonomiske aspekta grundig. Dette er sjølvsagt viktig og naudsynt. Men vurderingane gjeld først og fremst konsekvensar for kommuneøkonomien. Like viktig må det vere at konsekvensar for brukaren sin økonomi vert vurdert opp mot alle alternativ. Dette er delvis gjort, men ikkje gjennomført konsekvent. 
  • Eldrerådet minner om kor viktig det er at nye tilbod innan eldreomsorga byggjer på kunnskap. Vi vi veit at einsemd og isolasjon framskundar sjukdom hos eldre. Nye løysingar må representere gode svar på dei utfordringane som ligg i ny innsikt. Når utgreiing fleire stader nemner at framtidige løysingar skal bidra til å utsette behov for institusjonsplassering, så krev det kraftfull satsing på oppdatert kunnskap.


Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Leiar Egil Haaland og nestleiar Berit Anita Knudtsen Larsen - Klikk for stort bileteLeiar Egil Haaland og nestleiar Berit Anita Knudtsen Larsen

Nei til direkte anskaffing av nøkkelferdige omsorgsbustader

Etter framlegg frå Jan Utkilen tilrår eldrerådet samrøystes at Øygarden kommune avslår direkte anskaffing av 41 nøkkelferdige omsorgsbustadar frå Omtanke AS. Kommunedirektøren vert beden om gå i dialog med utbyggjar for å vurdera om det er aktuelt å nytta tilvisingsavtale som verktøy for å realisera leilegheitsbygget. 

- Prosjektet skal fylla vilkår for investeringstilskot. Det skal fremjast ei sak juni 2025 som skildrar korleis ei slik anskaffing kan gjennomførast. Kommunedirektøren vert beden om å ta kontakt med Husbanken for å spela inn behovet for å raskt få på plass investeringstilskot til tryggleiksbustadar, heiter det i tilrådinga som går til endeleg behandling i kommunestyret. 

Bakgrunnen for saka er at Øygarden kommune har fått tilbod om å kjøpa 41 nøkkelferdige omsorgsbustader sentralt på Ågotnes. Målgruppa for bygget er eldre med vedtak om heildøgns helse- og sosialtenester. Bygget skal utformast slik at det løyser ut investeringstilskot frå Husbanken.

Positive til ny transportordning for eldre 

Det låg på bordet ei sak til eldrerådet der kommunedirektøren orienterer om korleis administrasjonen arbeider for å følgja opp tidlegare vedtak om å stimulera til aktivitet blant eldre i kommunedelsentera. Det vert etablert ei tilskotsordning for transport av eldre til arrangement i regi av frivillige lag og organisasjonar. Målsetnaden er å leggja til rette for at fleire eldre kan delta på aktivitetar og slik redusere einsemd og passivitet.

Eldrerådet støtta innstillinga fråt kommunedirektøren om å ferdigstilla og implementera tilskotsordninga slik det er lagt fram i saka. Eldrerådet ber om at organisasjonen TREFF+ og Pensjonistforbundet Nordre Øygarden vert lagt til på lista over organisasjonar.

Eldredagen 1. oktober

Ei arbeidsgruppe utval på tre personar, Egil Haaland, Berit Anita Knudtsen Larsen og Elna Nybakk skal utarbeida forslag til arrangement knytt til eldredagen 1. oktober i samsvar med diskusjonen i eldrerådet.

Årsmelding

Eldrerådet vedtok årsmeldinga slik ho låg føre. Eldrerådet seier i vedtaket at det er svært godt nøgd med samarbeidet mellom rådet og administrasjonen i kommunen.

Her kan du lesa innkallings med saksdokument.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke