Frå drøfting av rapporten etter innbyggjarmøta om arealdelen til kommuneplanen.Den førebyggande planen er eit grep som skal bidra til å realisera måla i den pågåande barnevernsreforma. Reforma handlar om å leggja til rette for at tenestene i større grad skal kunna oppdaga barn i risiko, gje rett, tilstrekkeleg og tidleg nok hjelp, slik at utfordringane ikkje krev tyngre tiltak.
Ungdomsrådet meiner det er særleg viktig å arbeida for å førebyggja utanforskap og ungdomskriminalitet, med særleg fokus gjengkriminalitet. Ungdomsrådet vil også presisera behovet for å god kommunikasjon/mediedekning av tiltaka.
I saka konkluderer kommunedirektøren med ni satsingsområde som saman vert vurdert å ta ned risikoen for at barn og unge blir utsette for omsorgssvikt eller utviklar åtferdsvanskar.
Dei ni punkta er:
- Tidleg innsats retta mot risikoutsette foreldre til dei minste barna.
- Styrkja foreldrerolla.
- Målretta innsats for å møta endringane i ungdomskriminaliteten og auke den opplevde tryggleiken i det offentlege rom.
- Tydeleggjera innsatsen mot vald og overgrep.
- Styrkja den sosiale og relasjonelle kompetansen for barna i barnehagen og skulen.
- Sikra betre tverrfagleg samhandling mellom tenestene.
- Aktivitetar, tilbod og arenaer for barn og unge som kan ha førebyggjande effekt og utvikling av åtferdsvanskar.
- Styrkja arbeidet med utsette barn og unge – ny struktur.
- Utvikla relevante tenester som til kvar tid er tilpassa endringane i omgjevnadene.
Vil ta vare på naturen
Ved å svara på nokre refleksjonsoppgåver gav ungdomsrådet tilbakemelding på kunnskapsgrunnlaget i ein rapport som oppsummerer innbyggjarinnspela til kva verdiar og kvalitetar vi må ta vare på i bygdene i Øygarden. Rapporten er ein del av arbeidet med arealdelen til kommuneplanen.
Det vart ikkje gjort vedtak i saka, men i oppsummeringa i plenum i ungdomsrådet kom det fram at rådet ønskjer å ta vare på landskap, natur, kystkulturen, friluftsliv og strandsone. Dette er noko særleg barnefamiliar set pris på.
Nokre av medlemene i ungdomsrådet stilte likevel spørsmål om det er rett å ta vare på så mykje landbruk, lyngheilandskap og strandsone slik det går fram av rapporten.
Referatsaker og orienteringar
Under denne posten vart det spesielt kommentert at ungdomsrådet har fått gjennomslag for at det skal arbeidast for utvida tilgang til innbyggartorga og biblioteka. I orienteringssaka frå kultursjefen går det fram at det skal monterast ein elektronisk tidslås for å testa ei løysing der Bibliotekhagen på Straume vert open utanfor dei ordinære opningstidene. Det vert også vurdert om opningstidene kan utvidast på ettermiddags- og kveldstid.
Tekst og foto: Vigleik Brekke