Stengjer leia under ny hovudbru på dagtid
Frå 9. februar vert det installert trekketau mellom brutårna på den nye hovudbrua på Sotrasambandet. Ved installasjonen vert brua heilt stengd for trafikk.

Leia vil vera stengd i maksimalt tre dagar frå klokka 07.00 og 17.00.
Stenginga kan vera heil eller delvis, alt etter kva operasjonar som skal gjennomførast.
Dagslys er heilt avgjerande for delar av operasjonen. I denne perioden kan ingen fartøy passera, ettersom dette er ein kritisk operasjon som må skje samanhengande.
Les meir på nettsida til Sotra Link.
Foto: Statens vegvesen
Publisert 06.02.2026 17.25