Sommarope basseng i Hjeltefjorden Arena symjehall

I perioden frå 22. juni til 31. juli 2026 inviterer vi til offentleg bading kvar tysdag og torsdag. Dette er ei flott moglegheit til å nyte sommardagar i vatnet – enten du vil leike, trene eller berre kose deg saman med familie og vener.

Hjeltefjorden Arena Symjehall - Klikk for stort bileteHjeltefjorden Arena Symjehall

Opningstider

Kl. 10.00 – 15.00

Pris

  • Barn: kr 50
  • Vaksne: kr 90

Betaling via Vipps: 48946

Aldersgrense

Barn som ønskjer å bada utan vaksne må vera symjedyktige og over 12 år.

Stad

Ternholmvegen 61, 5337 Rong

Ta turen innom for ein forfriskande og aktiv dag! Vi gler oss til å sjå deg.