- Du er velkomen til ein prat over ein kopp kaffi. Det seier ordførar Tom Georg Indrevik som denne og neste veke er å treffa på Rong og i Skogsskiftet.
Ordførar Tom Georg Indrevik tek gjerne ha ein prat med deg.Ordføraren «flyttar kontoret sitt» til kommunedelsentera nokre timar denne og neste veke. Dersom du ønskjer å få ein direkte prat med han, kan du møta opp på desse tidspunkta:
- Rong Senter, innbyggartorget og biblioteket torsdag 23. april kl. 14.00-17.00
- Sund Senter, innbyggartorget og biblioteket torsdag 30. april kl. 14.00-17.00
I februar/mars vart det gjennomført innbyggjarmøte på dei to kommunedelsentera. Det som mellom anna kom fram på desse møta, var ønske om møteplassar og at ordføraren var velkomen til samtale om framtida for sentera og utviklinga av heile kommunen.
- Vi opplevde desse samlingane som svært positive og nyttige. Eg ønskjer at det skal vera lett å få kontakt med kommuneleiinga og meg som folkevald. Kom til ein prat! Eg kan ikkje lova at du får det akkurat som du vil, men eg vil notera meg det som kjem fram i samtalane. Vi kan få mykje til saman, seier ordførar Tom Georg Indrevik.
Tekst og foto: Vigleik Brekke
Publisert 20.04.2026 14.51