Frå venstre; Yngve Nedrebø, Kenneth Bratland, Tom Georg Indrevik og Kjell AlvheimBand 6 omfattar gard og slekt (gardsnummer 243-246) og gjeld Oen, Nålura eller Rossnes, Breivik og Herdlevær.
Uttrykket «Slepp meg fram, eg er ifrå Herdlevær» er vel ingen heilt sikker på kvar kjem frå, men den mest fortalde versjonen er den om eit barn som skulle døypast i Mangerkyrkja. Les meir om dette lengre nede i artikkelen.
Trong fødsel
Kjell Alvheim har vore sentral i realiseringa av bygdeboka heilt frå starten. Han vart spurt av ordførar Tom Georg Indrevik kva som har vore størst utfordring med bygdeboksprosjektet.
- Det var fødselen, svarte Alvheim kort.
Men det la seg etter kvart til rette etter at Øygarden sogelag tok initiativ til å få skriva bygdebok for gamle Øygarden kommune. Kommunestyret gjorde vedtak i 2017, og i 2018 var bygdeboknemnda på plass med Kjell Alvheim som leiar. Åshild Nordstrand står for språkvask.
Hans Arne Breivik (til venstre) gler seg over bygdeboka. Til høgre; ordførar Tom Georg Indrevik.Ein av dei som var til stades og lytta til programmet på lanseringa på laurdag, var Hans Arne Breivik. Fulltidsbonden på Breivik har levert bilete og tekstar til bygdeboknemnda.
- Det er utruleg flott at vi får bygdebok. Vi kan gå tilbake til røtene. Etter kvart som eg er vorten eldre, har interessa for dette auka. Denne boka vert eit viktig bidrag, seier Breivik.
Hans Arne fortel at mor hans, Bergit Breivik, som mellom anna var aktiv i lokalpolitikken, vaks opp i det første huset på Herdlevær.
Frå lanseringa av band 6 på Kystmuseet på laurdagGjer oss skikka til å forma framtida
Kjell Alvheim sa at målet med bygdeboka er å forstå meir av vår eiga fortid. Han viste til sitat frå det gamle testamentet om å veksa i alder og visdom og frå Arne Garborgs dikt «Um pengar».
- «Ein kan kjøpa seg mat, men ikkje matlyst; dropar, men ikkje helsa…». Bygdeboka bidreg til å gjera oss klokare. Då veit vi betre skikka til å forma framtida, sa Alvheim.
Yngve Nedrebø (til venstre) og Kenneth Bratland)Ikkje berre fattigdom
Det vert gjerne hevda at det var fattigsleg langs kysten her ute. Ein av forfattarane av boka, Kenneth Bratland, ønskjer å nyansera det biletet.
- Det var ein kamp om ressursane. Små gardar kjempa for rettane side, og det vart ein del stridigheiter knytt til fiske og landbruk. Men vi finn dokumentasjon på at det var fiskarar som gjorde det godt. Det vart gjerne investert i sølv som hadde bestandig verdi, seier Kenneth Bratland.
Kjell Alvheim og Marian Guddal HansenBratland, som er oppteken av å vri kjeldene og sikra varierte kjelder, leste mellom anna frå folket i Nålura eller Rossnes der det vart halde skifte etter Ingeborg Olsdotter Boga som døde i 1834.
- I buet fanst det mellom anna 1 koparkjel, 1 sølvstaup, 1 lysestake, 1 kakkelomn, 1 par vassbøtter, 1 blå duk, 2 svarte stakkar og 1 færingsbåt, taksert til 1 spesiedalar. Av husdyr var det 1 ku, kalla Gråside, 1 ku kalla Reinrei, 4 sauar og 4 verar.
Prosjektleiar og forfattar Yngve Nedrebø orienterte om prosjektet. Det er fire band igjen (allmennsoga 1870-2019 og tre gards- og slektsband) før bygdebokprosjektet er fullført i 2028. Tre av banda kjem venteleg ut i 2027. 98 prosent er ferdigskrive, men det står mellom anna igjen å skaffa fleire bilete og gjennomføra språkvask.
- Dette er i stor grad Kjell Alvheim sitt prosjekt. Gjennombrotet kom i 2017 då kommunestyret sa ja. Det er viktig at vi går i same retning, sa Nedrebø som vedgjekk at han har fått ein god del kjeft i dette bygdebokprosjektet.
Det var song ved Olaug Alvheim, akkompagnert ved Tormod MagnesenAnerkjenning
Kultursjef Marian Guddal Hansen sa at bygdebok er ein døropnar til å forstå betre kvar vi kjem frå.
- Vi finn svar i forteljingane. V i treng blikk framover, men også tilbake mot røtene. Historia minner oss om at vi er ein del av noko større. Dette arbeidet fortener stor anerkjenning. De har gjeve lokalsamfunnet ei gåve, sa kultursjefen.
Jarle Kåre Oen kåserte over livet her ute. Han runda av kåseriet om å bu og leva i Breivik på sekstitalet og sa at det nok har prega og forma oss som vaks opp den gongen.
- Me leid inga naud sjølv om me ikkje hadde så mykje pengar eller andre såkalla tilbod. Alle var eigentleg avhengige av kvarandre. Såleis opplevde me ein kultur der det å hjelpa kvarandre og å dra lasset saman stod sterkt. Der fellesskapet stod sterkast. Ein arv me burda ha hegna betre om. «Dar gjekk Dampen, gamle Dampen, og dette var sørgjle ilt» runda Jarle Kåre Oen av med.
Det var song ved Olaug Alvheim, akkompagnert ved Tormod Magnesen. Samlinga vart stødig leia av bygdeboknemndmedlem Magne Blom.
Konferansier Magne BlomGardane
Garden Oen ligg på austsida av øya Ona. Arkeologane meiner det har vore busetjing her gjennom minst 11 tusen år. Kystmuseet, som vart opna i juni 1996, ligg i Oen.
Rossnes ligg sørast for Oen, på begge sider av Kvernapollstraumen og Kvernapollen og mot Osundet i sør. Møt vest og nord grensar garden til Oen, mot aust er grensa mot Hellosen og øya Nåla.
Breivik grensar mot nord til det som må har vore kalla Breivika i gammal tid, mot nordaust til Svarevågen og mot aust til Oen. Mot vest er grensa mot Bunesosen. Fleire stader i Breivik er det funne ei rekkje øksar frå steinalderen. Kollsnesanlegget, som vart opna i oktober 1996, ligg i Breivik.
Herdlevær ligg vest for Ona og omfattar fleire øyar og holkmar; Skogsøya, Rossøya, Geitingen, Langholmen, og sjølve Herdleværet.
Jarle Kåre Oen kåserte- Slepp meg fram, eg er ifrå Herdlevær
Ingen veit heilt sikkert kvar dette uttrykket stammar frå, men den mest fortalde versjonen er den om eit barn som skulle døypast i Mangerkyrkja. Foreldra var av dei reisande, som vart kalla splint i dei dagar. Dette barnet vart fødde medan dei var på Herdlevær, og der hadde foreldra truleg tinga folk til å vera fadrar.
Men minst eín av fadrane mangla då det var dette barnet sin tur til å verta døypt. Så presten heva røysta og spurde om det var nokon frå Herdlevær der, og om dei kunne koma fram. Det var sikkert lettare sagt enn gjort i ei kyrkje som var fylt med trengsel.
Då såg folk ein kar som kava seg gjennom folkestimen, medan han ytra det mykje siterte utrykket: «Slepp med fram, eg æ frå Herdlevær!» (Band 6: tekst frå Anne-Sidsel Herdlevær).
Tekst og foto: Vigleik Brekke