Signerte kontrakt om ny ungdomsskule
Fredag morgon signerte Øygarden kommune kontrakt med Veidekke AS om bygging av ny ungdomsskule på Bildøyna.
- Vi har hatt ein ryddig dialog med Øygarden kommune, seier distriktsleiar i Veidekke Bergen, Thor Småbrekke.
Johnny Breivik (til venstre) og Thor Småbrekke skreiv under kontraktenI denne omgang er det underskrive ein kontrakt om samspelsfasen. Endeleg avtale om oppstart av prosjektet vert venteleg klar i mars/april 2026.
Totalkostnaden for ny ungdomsskule på Bildøyna inklusive utstyr, infrastruktur og eventuelt tilfluktsrom er på om lag 650 millionar kroner. Skulen skal etter planen vera klar til bruk frå starten av skuleåret 2028/2029.
Frå venstre; avdelingsleiar Kenneth Bøe (Veidekke), distriktsleiar Thor Småbrekke (Veidekke), kommunedirektør Johnny Breivik, prosjektleiar Øygarden kommune Christian Alsaker, John André Vegge (tek over som prosjektleiar for Øygarden kommune om kort tid) og kommunalsjef for Oppvekst, Marius Sylta.Veidekke var representert ved distriktsleiar Thor Småbrekke og avdelingsleiar Kenneth Bøe. Dei fortel at skuleprosjektet har ein inkluderande visjon.
- Vi har lagt vekt på at det skal vera ei hjartesone utan bilar. Allmenningen vil få ein sentral plass i bygget, seier dei.
Prosjektleiar Christian Alsaker seier at tilbodet frå Veidekke har oppfylt målsetjingane for prosjekt om å gje tilsette og elevane eit skulebygg dei kan vera stolte av. Det er også viktig at dette vert eit attraktivt nærmiljøanlegg.
Tekst og foto: Vigleik Brekke
Publisert 24.10.2025 12.47